Inseanergy Anlegg v Stranda foto Inseanergy
NY RUNDE: I fjor henta Inseanergy 30 millionar kroner i ei kapitalutviding. No skal selskapet gjennomføre ein ny emisisjon. Foto: Inseanergy.
Nytt

Startar kapitalutviding denne veka

Inseanergy vil hente 46,25 millionar kroner.

18.04.2023

Tidsplanen for den nye kapitalutvidinga i Ålesunds-selskapet Inseanergy - som NETT NO skreiv om i januar i år - er klar. Klokka 12 onsdag denne veka startar førehandsteikninga i den delen av kapitalutvidinga som skal gjennomførast i regi av Folkeinvest.

Planen er å hente inn mellom 10 og 25 millionar i Folkeinvest og deretter hente resten frå såkalla strategiske investorar - investorar som også kan gi Inseanergy medeigarar med industriell kunnskap og nettverk.

Ved kapitalutvidinga i januar 2022 henta selskapet 30 millionar kroner, til 120,29 kroner aksjen. I den nye kapitalutvidinga er kursen sett til 250 kroner aksjen og selskapet er verdsett til 139 millionar kroner - etter kapitalutvidinga.

Kombinerer solenergi og hydrogen
Inseanergy lagar flytande solcelleanlegg for oppdrettsnæringa og arbeider også med å utvikle anlegg som kombinerer solcellekraftanlegg og brenselceller som brukar hydrogen for å produsere kraft. Er hydrogenet produsert av elektrisitet frå vatn, vind eller solkraftverk er det snakk om ei energikjelde utan CO2-utslepp.

Ideen er å erstatte eller supplere kraftproduksjon frå dieselaggregat på oppdrettsanlegga, for å redusere CO2-utslepp. Inseanergy-anlegg kan og vere eit supplement til straumleveransar frå land.

Jan Erik Våge Klepp Inseanergy Investormatch foto Marius 11
INVESTORMATCH: Inseanergy-gründer Jan Erik Våge Klepp fortalde om selskapet under Investormatch på ÅKP førre månad. Foto: Marius Rosbach

To kommersielle sal
I fjor fekk Inseanergy sine to første kommersielle avtalar, med torskeoppdrettselskapet Ode (tidlegare Gadus Group) og lakseoppdrettselskapet Bjørøya.

- Her er veldig god dialog om nye kontraktar, seier dagleg leiar Kari-Elin Korsnes Hildre i Inseanergy.

I år vart selskapet eitt av fem utvalde selskap i vekst- og utviklingsprogrammet Ocean Opportunities. Programmet vert drive av klyngeorganisasjonen Stiim Aqua Cluster, som omfattar teknologibedrifter, oppdrettarar og havbruksrelaterte verksemder, gründarar, kapitalmiljø og kunnskapsmiljø. Ocean Opportunities er både eit vekstprogram og ein stad å kome i kontakt med potensielle investorar, ifølgje Korsnes Hildre.

Over 600 aksjonærar
Kapitalutvidinga på 30 millionar kroner i fjor var ei av dei største som er gjennomført i Folkeinvest-regi. Inseanergy fekk då over 600 aksjonærar.

Pengane frå den komande kapitalutvidinga skal finansiere vekst og internasjonal kommersialisering av solcelleanlegga og utvikling og kommersialisering av dei anlegga som kombinerer solcellekraft-produksjon, integrerte vindløysingar og bruk av hydrogendrivne brenselcelleanlegg.

Publisert: 18.04.2023 05:00

Sist oppdatert: 17.04.2023 23:22

Mer om