I samarbeid med det nederlandske selskapet Nedstack, lanserer no Ulstein Design & Solutions eit nytt skipsdesign der skipet skal gå lang tid på hydrogen.
Løysinga har fått namnet Ulstein SX190 DP2, og er Ulstein sitt første design basert i hovudsak på hydrogen som drivstoff.
Ulstein viser på si til at DNV GL har peika ut hydrogen som den ultimate nullutsleppsløysinga for skipsindustrien. Med den nye løysinga vil ein fjerne utslepp frå CO2 og NOx.
- Med dette hydrogendrivne skipet, er målet å tilby nullutsleppsløysingar over lang varigheit.
Han opplyser at sjøprøver av den nye skipsløysinga kan gjennomførast i 2022.
I tillegg til hydrogen, skal fartøyet som alternativ også ha dieselektrisk framdrift basert på diesel med lite svovel.
Ulstein opplyser at Nedstack sitt brenselcellesystem Proton Exchange Membrane (PEM) omskaper hydrogen og luft om til elektrisk kraft, varme og vatn, og har ingen skadelege utslepp i prosessen.
Det vert vist til at Nedstack sitt system no er vidareutvikla for å kunne brukast i den maritime industrien.
Løysinga har fått namnet Ulstein SX190 DP2, og er Ulstein sitt første design basert i hovudsak på hydrogen som drivstoff.
Ulstein viser på si til at DNV GL har peika ut hydrogen som den ultimate nullutsleppsløysinga for skipsindustrien. Med den nye løysinga vil ein fjerne utslepp frå CO2 og NOx.
Sjøprøver i 2022
Visekonsernsjef Tore Ulstein seier at verftsindustrien må vere ambisiøse og bidra til berekraftige løysingar.- Med dette hydrogendrivne skipet, er målet å tilby nullutsleppsløysingar over lang varigheit.
Han opplyser at sjøprøver av den nye skipsløysinga kan gjennomførast i 2022.
Opptil to veker
Med dagens teknologi kan det Ulsten-designa offshore konstruksjonsskipet operere på hydrogen i fire døgn, men målet gjennom teknologiutvikling er å kunne operere opptil to veker på hydrogen.I tillegg til hydrogen, skal fartøyet som alternativ også ha dieselektrisk framdrift basert på diesel med lite svovel.
Ulstein opplyser at Nedstack sitt brenselcellesystem Proton Exchange Membrane (PEM) omskaper hydrogen og luft om til elektrisk kraft, varme og vatn, og har ingen skadelege utslepp i prosessen.
Det vert vist til at Nedstack sitt system no er vidareutvikla for å kunne brukast i den maritime industrien.
Publisert: 18.11.2019 11:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44