Ny vekst for GRS Riflestocks
KRAFTIG VEKST: Nye produkt, utvida marknad og satsing i USA var med å trekke opp salet til GRS Riflestocks på Grodås i fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Underskot etter supervekst for Riflestocks

Held fram å vekse i år - og har plussresultat i sikte.

Marius Rosbach
22.08.2023

Geværskjefteprodusenten GRS Riflestocks auka inntektene kraftig i fjor og enda med ny rekordomsetning. Driftsinntekter auka med meir enn 25 prosent og enda på nær 30 millionar kroner.

– Vi hadde ei veldig bra auke både på grunn av nye produkt, utvida marknad og satsing i USA, fortel Thomas Yksnøy som er COO (chief operating officer, journ. anm.) til NETT NO.

Underskot i fjor
Samtidig viser rekneskapen at fjoråret enda med eit underskot før skatt på drygt 3,5 millionar kroner (sjå tabell under).

Yksnøy fortel at summen av produktutvikling, oppgradering av maskinparken og satsinga mot nye marknader gjorde at resultatet hamna på minussida.

– Vi installerte mellom anna tre nye maskinar i produksjonen. Sjølv om ikkje alle kostnadene blei teke på fjorårets rekneskap, kostar det både tid og pengar, fortel han.

GRS Riflestocks As
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt29,923,7
Driftsresultat-2,70,5
Resultat før skatt-3,5

-0,03

Ny vekst – og plussresultat i år
Geværskjefta i tre blir laga ved fabrikken på Grodås, medan Plamek i Sykkylven støyper skjefta i kompositt før dei blir sendt til Grodås for montering.

Yksnøy fortel at etterspurnaden etter produkta deira framleis aukar – som gir utslag i ny omsetningsvekst i år.

– Så langt ligg vi an til halde fram veksten i omsetning og avslutte året med eit overskot, legg han til.

Så langt ligg vi an til halde fram veksten i omsetning og avslutte året med eit overskot
Thomas Yksnøy

På utkikk etter nye folk
GRS Riflestocks har 20 tilsette i sving og det er nok for å halde tritt med veksten per i dag.

Likevel er dei på utkikk etter nye tilsette, ifølgje Yksnøy.

– Det er gjerne nokon som sluttar og som må erstattast. Slik sett er vi alltid på jakt etter nye folk, fortel han.

Underskot har tæra på eigenkapitalen
Underskot i 2019 og 2020 har tæra på eigenkapitalen i selskapet, før 2021 enda om lag i balanse.

Eigenkapitalen var på kring 2,7 millionar ved utløpet av fjoråret, og langsiktig gjeld var då på knappe 10,9 millionar kroner.

Gründerane Oscar og Håvard Haugen eig om lag 51 prosent av selskapet, delvis gjennom selskapet Fenrir Holding. Investeringselskapet Novela Outdoor, eit selskap i Novela-systemet, eig knappe 40 prosent.

Publisert: 22.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 21.08.2023 22:43

Mer om