Oscar haugen mariann øye kjeti lbollestad leiarkonferanse foto marius 11
OMSTILT SEG: Alle tre leiar bedrifter som har vore, eller er i gong med store omstillingar. Frå venstre: Oscar Haugen i Riflestocks, Mariann Øye ved Hotel Union Øye og tidlegare Green Yard Kleven-sjef Kjetil Bollestad. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ulike bransjar – men same utfordringar

Å leie eit verft, hotell eller geværskjeftefabrikk er ikkje så store skilnaden, skal vi tru konklusjonen frå kaffeslabberaset under leiarkonferansen.

Marius Rosbach
21.10.2021

Under Rethinking Business-konferansen i Ulsteinvik onsdag fekk deltakarane bli med på kaffeslabberas med NRK-profil Ole Rolfsrud.

Samtalen med avgått Green Yard Kleven-direktør Kjetil Bollestad, Hotel Union Øye-direktør Mariann Øye og Riflestocks-sjef Oscar Haugen dreia hit og dit, men mykje handla om leiing og omstilling.

– Eg trur ikkje er det så stor skilnad, svarte Bollestad på spørsmålet om kva som er ulikt i leiarjobben til dei tre rundt bordet.

– Det er mykje same metodikken, og det handlar mykje om å behandle folk riktig og sette dei i rette posisjonar. I tillegg må ein sjølvsagt ha ein plan for jobben og halde på det store bilde, forklara han.

«Famlande» maritim næring

Alle tre leiar bedrifter som har vore, eller er i gong med store omstillingar. Kleven-verftet har omstilt seg fleire gonger i løpet av få år - først til nye skipsbyggingsmarknader, så til å drive med resirkulering i tillegg til ombygging.

Bollestad meiner den maritime industrien i regionen er litt «famlande» for augneblinken, når det kjem til det grøne skiftet.

– Det skjer kanskje litt seinare enn vi hadde sett føre oss. Samtidig er det litt mangel på kapital for å løfte store nybyggingsprosjekt. No trengst det både nye prosjekt og ny omstilling for å halde på kompetansen, meinte verftsleiaren.

Satsar på USA-vekst

Riflestocks i Hornindal har lagt om frå å vere underleverandør til møbelindustrien, til å lage geværskjefte som blir selt over heile verda. Dagleg leiar i familiebedrifta, Oscar Haugen, var samd med Bollestad om at det var mykje likt i rollene deira.

– Eg opplever at i alt frå veldig store bedrifter og til småbedrifter, så er utfordringane dei same. Det dreiar seg om rett folk, «cash flow» og rett kultur, meinte han.

Etter koronabremsen satsar Riflestocks no framover med tilsetting av fabrikksjef og fleire tilsette ved fabrikkbygningen der familien tidlegare laga møbeldelar.

Sjølv skal Haugen trappe opp nettverksbygginga og reknar med å ha 160-180 reisedøgn komande året. Meir enn 90 prosent blir selt til utlandet og USA er den viktigaste marknaden – der Haugen ser for seg at dei skal vekse stort.

Flakk har auka investeringa

Union Øye-hotellet er i full gong med ei utviding som vil gi heilårsdrift for den tradisjonsrike overnattingsplassen.

– Det er ganske sjukt at familien Flakk satsar nær 300 millionar i ei bygd med 38 innbyggjarar, påpeika hotelldirektør Mariann Øye – og avslørte samtidig at investeringa har auka med nokre titals millionar sidan dei starta første byggetrinn i fjor.

Ho meiner hotellet ikkje var tvungne til omstilling slik samtalepartnarane har vore – men at det likevel blei nødvendig for å nå måla sine.

NETT NO har tidlegare omtala utvidinga fleire gonger, og korleis hotelldirektøren har eit mål om å auke innbyggjartalet i den vesle Ørsta-bygda. Førebels har ligg dei godt an med ei auke i løpet av det siste året.

– Skal ikkje konkurrere med Dubai
Hotelldirektøren trekte også fram eit godt forhold til dei tilsette – og evna til å få dei med seg, som viktig i sitt arbeid.

Neste sommar opnar dei med fleire senger og nytt festlokale - samtidig som dei skal bli eit endå meir reindyrka historisk hotell.

Øye kom igjen tilbake til dei tilsette, og korleis dei sjølv utgjer ein del av historia ved at fleire har jobba på hotellet i generasjonar.

– Vi skal ikkje konkurrere med Dubai med gull og glitter. Det er ekte historie du møter hos oss, påpeika ho.

Publisert: 21.10.2021 10:03

Sist oppdatert: 21.10.2021 10:09

Mer om