Comeback for Riflestock etter korona
Det blei bråstopp då pandemien kom i 2020. No treng selskapet fleire tilsette.
Driftsinntektene til geværskjefteprodusenten GRS Riflestock er attende på nivået selskapet hadde dei fire siste åra før koronapandemien kom i mars 2020.
Selskapet har også løfta lønsemda. 2020 og 2019 enda med til saman over 10 millionar kroner i minus før skatt. I fjor gjekk selskapet nesten i balanse (sjå tabell).
Så langt i år ligg selskapet an ytterlegare inntektsvekst, seier produksjonssjef Henrik Yksnøy.
Jobb på dagen
GRS Riflestock har investert i nye maskiner og rigga seg for vekst. Arbeidsstokken er på 20 personar og skal bli større. Skjefta i tre blir laga på fabrikken i Grodås, medan Plamek i Sykkylven støyper skjefta i kompositt før dei blir sendt til Grodås for montering.
Yksnøy seier han kan tilsette tre personar produksjonen på dagen, og krev ingen erfaring eller utdanning.
- Så lenge du er interessert så kan vi lære opp kven som helst, seier han.
Tok ikkje att det tapte
To-tre månadar med magert sal våren og tidleg på sommaren 2020 gjorde at driftsinntektene i 2020 fall med 6,5 millionar kroner samanlikna med 2019, til 17,4 millionar kroner.
Det tapet greidde ikkje selskapet å hente inn, trass godt sal resten av 2020, men ordereserven var høg då 2021 tok til og i fjor vart det eit meir normalt år for selskapet.
Novela-selskap
I 2017 gjekk investeringselskapet Novela Outdoor, eit selskap i Novela-systemet, inn som 39,81 prosent aksjonær i GRS Riflestock.
Novela-systemet blei etablert i 2015 då fleire investorar og bedriftseigarar på Nordvestlandet gjekk saman om å skipe eit selskap og eit miljø som skulle investere i bedrifter i regionen.
Novela-systemet er også medeigar i maskineringselskapet Kvenna EMT i Ålesund (sjå resultattabell), PE Bjørdal i Ørsta og Anda-Olsen i Ålesund.
PE Bjørdal i lagar utstyr til sjømatindustri, fiske- og oppdrettsbåtar. Anda-Olsen lagar utstyr som garantere for sikker straumforsyning ved straumbrot.
Les også
GRS Riflestocks as | ||
Tal i mil. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 23,7 | 17,4 |
Driftsresultat | 0,5 | -5,3 |
Resultat før skatt | -0,03 | -5,4 |
Kvenna EMT as | ||
Tal i mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 57,9 | 63,0 |
Driftsresultat | 1,2 | 1,9 |
Resultat før skatt | 0,9 | 1,4 |
Publisert: 09.06.2022 13:00
Sist oppdatert: 10.06.2022 11:09