SeaU frå Molde vidaregående skole er vinnar av den gjevaste prisen under fylkesmeisterskapen for ungdomsbedrifter i Møre og Romsdal: Beste ungdomsbedrift.
Det gir billett til norgesmeisterskapen for ungdomsbedrifter i april i år.
Planen er å gjere bedrifta om til eit vanleg aksjeselskap og arbeide vidare med ideen etter at skulen er over.
– Vi har ambisjonar om å ta bedrifta vidare, seier dagleg leiar Sandra Saengdee Hjelvik i SeaU ungdomsbedrift.
Med seg til NM får Seau også ungdomsbedrifta Lamo Seafood frå Ålesund vidaregåande skole, som vann innovasjonsprisen.
- Sjå oversikt over prisvinnarar i slutten av artikkelen
Lamo Seafood lagar snacks for hundar, basert på svinn frå kllippfiskindustrien.
Rekordoppslutning
I denne sesongen har i alt 654 elevar, frå nesten alle vidaregåande skulane i Møre og Romsdal, vore med på organisasjonen Ungt Enterprenørskap sitt arrangement. Det er ny rekord.
Bak dei 68 ungdomsbedriftene som deltok i fylkesfinalen onsdag står det cirka 360 elevar.
Ungt Entreprenørskap jobbar for å skape interesse og gi kunnskap om å utvikle ideear, starte og drive eiga bedrift, mellom anna ved at elevane på vidaregåande skule får stifte og drive eigne ungdomsbedrifter.
Fire frå Møre og Romsdal til NM
I tillegg til beste ungdomsbedrift og vinnaren av innovasjonsprisen, har juryen på fylkemeisterskapen for ungdomsbedrifter vald ut to bedrifter til som skal vere med i den nasjonale finalen.
Det er bedriftene Hindeer med varslingssystem mot viltpåkjørsel og Radius med utstyr for å forhindre bifangst av hai. Både Hindeer og Radius er frå Molde videregående skole.
Fylkesmesterskap for ungdomsbedrifter i Møre og Romsdal | |||
Kategori | Selskap, vgs skule | ||
1. plass | 2.plass | 3.plass | |
Beste ungdoms bedrift | SeaU UB, Molde* | Hindeer UB, Molde* | Jobbie UB, Molde |
Innovasjonsprisen | Lamo Seafood UB, * Ålesund | Hindeer UB, Molde | Radius UB, Molde |
Beste samarbeid med næringslivet | Radius UB, Molde* | Hindeer UB, Molde | T.I. Service UB, Rauma |
Markeds- og kommunikasjonsprisen | Hindeer UB, Molde | Gardian UB, Molde | Radius UB, Molde |
Beste standopplevelse | Strop-it UB, Sykkylven | MikroMagi UB, Ålesund | Nyt og Smak UB, Rauma |
Beste yrkesfaglige bedrift | Revamp UB, Borgund | T.I. Service UB, Rauma | Bingen UB, Rauma |
Klima- og miljøprisen | Radius UB, Molde | MikroMagi UG, Ålesund | Hindeer UB, Molde |
Beste videopitch | Hindeer UB, Molde | Gardian UB, Molde | SeaU UB, Molde |
Beste forretningsmodell/-plan | SeaU UB, Molde | Gardian UB, Molde | Hindeer UB, Molde |
Beste økonomistyring | Hindeer UB, Molde | SeaU UB, Molde | |
Beste sosiale entreprenør | Gardian UB, Molde | BikkeBuddy UB; Spjelkavik | Jobbie UB, Molde |
Beste HR-Bedrift | Jobbie UB, Molde | SeaU UB, Molde | DryCover UB, Spjelkavik |
Størst verdiskapingspotensial | SeaU UB, Molde | Gardian UB; Molde | Eco-Net UB, Stranda |
Jord-fjord-bord | Berga Skalldyr UB, Ålesund | ||
Beste salgsbedrift | LAMO Seafood UB, Ålesund | T.I Service UB, Rauma | Polarkrabbe UB, Ålesund |
*Får delta i den nasjonale finalen i april |
Publisert: 12.03.2025 16:30
Sist oppdatert: 12.03.2025 19:39