Uptime og Marine Aluminium skil lag
GANGVEG: Uptime International er store på gangvegar til offshore vindindustrien. No hentar selskapet inn frisk kapital for å satse endå meir på offshore vind.
Nytt

Uptime og Marine Aluminium skil lag

Karmøy-selskapet Marine Aluminium og Ålesund-baserte Uptime International går kvar sin veg. Uptime satsar meir på offshore vind.

25.11.2019
Det var i 2015 at Karmøy-selskapet Marine Aluminium kjøpte resten av aksjane i Uptime International.
Karmøy-selskapet eigde då 50 % av aksjane i Uptime International, men kjøpte ut Ålesund-baserte ICD Industries sin 50 % andel.
No har selskapa valt å skilje lag, vert det opplyst i ei pressemelding.
Marine Aluminium vert overtatt av Jan Johannesen og Arild Frøkedal sitt selskap MA Holding II. Dei to er i dag minoritetsaksjonærarar i morselskapet.
Uptime vil på sin side halde fram med å vere eigd av Johannesen og Frøkedal, i tillegg til majoritetseigar Norvestor V LP, eit privat investeringsselskap.

Store tap

Marine Aluminium har siste åra hatt store økonomiske utfordringar. I 2018 var omsetninga 217,0 millionar kroner, og resultatet før skatt minus 4,9 millionar.
Året før var resultatet før skatt på minus 64,1 millionar.
I pressemeldinga vert det vist til at etter at nedturen starta i olje- og gassmarknaden i 2015, har selskapet hatt fokus på å redusere kostnader og samstundes ha ein leiande posisjon i levering av helidekk og andre aluminiumsstrukturar til den globale offshoreindustrien.

Stor etterspørsel frå offshore vind

Også Uptime har slitt økonomisk siste åra, med tap på drifta tre år på rad. I 2018 var omsetninga 131,4 millionar kroner, og resultatet før skatt minus 11,2 millionar.
Uptime er store på levering av rørslekompenserte gangvegar, og har totalt installert over 130 gangvegar.
Selskapet opplyser at ein no opplever stor etterspørsel frå offshore vind-marknaden.

Leiger ut gangvegar

No skal det hentast inn meir kapital for å utvide produktportefølgjen og styrke seg i marknaden.
- Desse grepa vert tatt for å fokusere endå meir på den raskt veksande marknaden i offshore vind, seier Uptime-styreleiar Trond Bjørnøy i Uptime.
- Vi har introdusert nye logistikkløysingar, og i tillegg etablert eit breidt utval av rørslekompenserte gangvegar som kan leigast, seier Bjørnøy.
Det vert opplyst at endringane ikkje vil få konsekvensar for dei tilsette, eller at det vert endringar på leiarnivå i Uptime.

Publisert: 25.11.2019 09:46

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45