Nytt
Usikkert når KNM Helge Ingstad kan bli berga
Sjøforsvaret arbeider framleis med å sikre KNM Helge Ingstad. Det er for tidleg å seie når den havarerte fregatten kan bli berga.
12.11.2018
NPK-NTB: – Fregatten ligg stabilt og trygt. Han er festa med ni vaierar, og vi arbeider no med å feste den tiande, seier sjef for nasjonal sjøoperasjonssenter, Yngve Skoglund.
KNM Helge Ingstad skal etter planen bli frakta til Sjøforsvarets hovudbase Haakonsvern. Sjøforsvaret meiner likevel at det er for tidleg å seie når fregatten kan bli berga. Dei vurderer no fleire alternative bergingsmetodar. Eitt av usikkerheitsmomenta er vêret.
– Hovudmålet vårt er å sørgje for at fregatten ikkje får ytterlegare skadar, seier Håvard Mathiesen, sjef for sikringsarbeidet i Forsvarsmateriell.
Fregatten skal ikkje bli trekt i land, men bli sikra der han ligg for å unngå at han blir påført ytterlegare skadar.
Forsvaret gjer kontinuerleg elektroniske målingar av fartøyet på åtte punkt.
– Vi ser alle fartøyrørslene ned på millimeternivå.
Skoglund understrekar at fregatten no er trygt sikra. Før dette arbeidet vart sett i gang frykta likevel Sjøforsvaret at baugen kunne skli ut og at fregatten skulle søkke 30–35 meter skrått ned til botn.
– Hadde det skjedd, hadde vi hatt ein heilt annan situasjon enn det vi ser i dag, seier han.
Mathiesen understrekar at ingen har gått djupt inn i fartøyet, men berre henta ut opplysningar om navigasjon og skipstekniske tilhøve frå brua. Forsvaret har difor ikkje oversyn over skadebiletet inne i fregatten.
Det er framleis våpen om bord i fregatten, men det ubetydeleg for operasjonen, ifølgje Mathiesen.
Forsvaret ønskjer etter kvart å verne mest mogleg utstyr, slik at fregatten på sikt kan bli reparert.
– Det står att å sjå om KNM Helge Ingstad blir sjødyktig igjen. Vi må vente til båten er open og vi får sett skadane. Eg ser jo sjølvsagt helst at han blir operativ så fort som mogleg, seier Skoglund.
Det er lettare drivstofftypar og smørjeoljer om bord på fregatten.
– Vi har førebels registrert minimalt med diesel som flyt på vatnet, seier Skoglund.
Sjøforsvaret har lita røynsle med å berge eigne fartøy. Sist det skjedde var med KNM Oslo, som havarerte i 1994.
KNM Helge Ingstad skal etter planen bli frakta til Sjøforsvarets hovudbase Haakonsvern. Sjøforsvaret meiner likevel at det er for tidleg å seie når fregatten kan bli berga. Dei vurderer no fleire alternative bergingsmetodar. Eitt av usikkerheitsmomenta er vêret.
– Hovudmålet vårt er å sørgje for at fregatten ikkje får ytterlegare skadar, seier Håvard Mathiesen, sjef for sikringsarbeidet i Forsvarsmateriell.
Fregatten skal ikkje bli trekt i land, men bli sikra der han ligg for å unngå at han blir påført ytterlegare skadar.
Forsvaret gjer kontinuerleg elektroniske målingar av fartøyet på åtte punkt.
– Vi ser alle fartøyrørslene ned på millimeternivå.
Skoglund understrekar at fregatten no er trygt sikra. Før dette arbeidet vart sett i gang frykta likevel Sjøforsvaret at baugen kunne skli ut og at fregatten skulle søkke 30–35 meter skrått ned til botn.
– Hadde det skjedd, hadde vi hatt ein heilt annan situasjon enn det vi ser i dag, seier han.
Usikkert skadeomfang
Det meste av fartøyet ligg no under vatn. Forsvaret har nytta ubemanna miniubåtar og dykkarar for å kartleggje botntilhøva og få oversyn over dei utvendige skadane.Mathiesen understrekar at ingen har gått djupt inn i fartøyet, men berre henta ut opplysningar om navigasjon og skipstekniske tilhøve frå brua. Forsvaret har difor ikkje oversyn over skadebiletet inne i fregatten.
Det er framleis våpen om bord i fregatten, men det ubetydeleg for operasjonen, ifølgje Mathiesen.
Forsvaret ønskjer etter kvart å verne mest mogleg utstyr, slik at fregatten på sikt kan bli reparert.
– Det står att å sjå om KNM Helge Ingstad blir sjødyktig igjen. Vi må vente til båten er open og vi får sett skadane. Eg ser jo sjølvsagt helst at han blir operativ så fort som mogleg, seier Skoglund.
Minimalt med utslepp
Sjøforsvaret arbeidde tett med Det Norske Veritas, lokale entreprenørfirma og bergingsselskap i operasjonen. Saman med Kystverket følgjer dei òg med på eventuelle utslepp.Det er lettare drivstofftypar og smørjeoljer om bord på fregatten.
– Vi har førebels registrert minimalt med diesel som flyt på vatnet, seier Skoglund.
Sjøforsvaret har lita røynsle med å berge eigne fartøy. Sist det skjedde var med KNM Oslo, som havarerte i 1994.
Publisert: 12.11.2018 17:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28