(NPK-Kjell Åsmund Sunde): Fjoråret vart rekord for norsk sjømateksport, men korleis eksporten og utanlandshandelen vil arte seg i åra framover er meir usikkert enn på lang tid.
Stadig meir rivalisering mellom store land kjem til å få følgjer for både Noreg og sjømateksporten vår.
– Vi må erkjenne at vi er utsette. Vi har store investeringar i verda, og vi er sikkerheitspolitisk avhengige av USA. Verdsordenen som har tent oss godt vaklar.
Det sa direktør Kari M. Osland ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi) i eit innlegg på årskonferansen til Noregs sjømatråd som blei arrangert i Oslo måndag.
President Trump er jokeren
Osland peika på fleire faktorar som kan få innverknad på eksporten av norsk sjømat i 2025 og i åra framover.
Blant anna peika ho på korleis den kommande presidentperioden til Donald Trump blir ein viktig faktor.
– Det største usikkerheitsmomentet i nær framtid er Trumps presidentskap. Vi veit framleis ikkje kva han kjem til å gjere når det gjeld krigane i Ukraina og i Midtausten. Vi har òg erfart at han pleiar forholdet sitt med autoritære leiarar. Han vil òg innføre 25 prosent toll på varer frå Canada og Mexico. Auka tollsatsar påverkar verdsøkonomien og også Noreg. Europa må i større grad klare seg sjølve. Men vi veit frå før at det med Trump er stor forskjell på retorikk og handling, sa Osland.
– Butikk er politikk
I tillegg til Trump peika Osland også på korleis det stadig meir polariserte forholdet mellom Vesten og Kina påverkar global handel. Ho kom inn på at fleire og fleire demokrati er under press og at atomvåpen og cyber-angrep trugar tryggleiken i verda.
– Også næringane må vakne. Butikk er politikk, sa Osland før ho la til:
– Vi må hugse på vår ikkje så veldig gamle historie. Det er berre 80 år sidan slutten av andre verdskrigen. No må vi vakne, avslutta ho.
(©NPK)
Publisert: 07.01.2025 09:33
Sist oppdatert: 07.01.2025 09:33