Ut med moebel inn med gevaer
SØR-AFRIKA: Oscar Haugen (i midten) har nyleg vore på stor jaktmesse, Huntex, i hovudstaden Pretoria i Sør-Afrika. Her saman med Knut Erik Rognes (t.h.), testar og medutviklar, og Torodd Helle frå Helle Knivfabrikk i Holmedal i Sogn og Fjordane. 
Nytt

Ut med møbel – inn med gevær

- Det er ikkje kvar dag honndøler kan konkurrere med dei beste i verdsmarknaden, seier Oscar Haugen.

Ivar Myklebust Longvastøl
19.05.2014
Haugen er nettopp heimkomen frå ei stor jaktmesse i Sør-Afrika.
I fjor gjekk dei siste møbelmaskinane ut døra. No er det geværskjefte for alle pengane for dei 15 tilsette i GRS Riflestocks as på Ytre Haugen i Hornindal.

Dagleg leiar Oscar Haugen (35) er fornøgd og stolt over det dei har fått til – og han har store planar vidare.
I fjor selde GRS Riflestocks geværskjefte for 10,4 millionar kroner, og Haugen reknar med eit overskot etter skatt på rundt 400.000 kroner.

Krise i 2009

I så fall det første året med overskot på lenge. I 2009 var det krise, med eit underskot på nesten 1,2 millionar kroner og ein omsetnad på 3,6 millionar. Då heitte bedrifta Grodås Mønsterteknologi og var underleverandør til møbelprodusentar, mellom anna på Sunnmøre og i Nordfjord.
- Med finanskrisa flytta mange av kundane våre produksjonen utanlands eller gjekk under. Du er prisgitt kundane og kan ikkje påverke marknaden, seier Haugen.
NETT NO fortalde nyleg om Høydal Møbelfabrikk nokre tunnelar unna, i Austefjorden i Volda, og mellom 20 og 30 andre underleverandørar i møbelbransjen som kan vere i same situasjon som fabrikken på Grodås var for fem år sidan.

Skarpskyttar i Forsvaret

- Vi bestemte oss for å lage vår eiga merkevare, fortel dagleg leiar Oscar Haugen.
Oscar, broren Håvard og faren Oddvin Inge satsa på geværskjefte, og det var ikkje tilfeldig. Jaktinteressa ligg i familien og Oscar har vore i skarpskyttartenesta i Forsvaret.
- Lidenskap for jakt og våpen kombinert med rammevilkår for å drive vidare gjorde dette mogleg, seier Haugen.
Rammene var skapt av foreldra Anne Lise og Oddvin Inge, som starta med å lage handskorne bjørkemøblar i kjellaren. I 1985 bygde dei fabrikken på Ytre Haugen. I 1997 kom dei første datastyrte skjeremaskinane i hus, og denne kunnskapen og dugleiken har dei teke med seg inn i skjefteproduksjonen.
- Vi har sprunge rundt i sponhaugane sidan vi var smågutar, fortel Haugen.
Dei lagar geværskjefte til jegerar, konkurranseskyttar og langdistanseskyttarar. Alt i laminat.

I fem verdsdelar

Klikkar ein på forhandlarlista på GRS Riflestocks si heimeside, kjem det opp forhandlarar i alle verdsdelar med unntak av Sør-Amerika. I fjor var fordelinga mellom eksport og sal i Norge 60/40. I år ligg det an til 70 prosent eksport.
- Verdsmarknaden er stor, konstaterer Haugen.
Dei har vekstambisjonar, både med tanke på nye marknader og nye produkt, men Haugen vil ikkje å vere meir konkret no.
Han rosar Innovasjon Norge for god hjelp, og bedrifta har gjort seg nytte av Skattefunn-ordninga (utgifter til forsking og utvikling i eiga bedrift gir skattefrådrag, red. merknad).

På kapitaljakt

- Er det aktuelt å ta inn kapital utanfrå for å vekse?
- Ja, vi har store planar og må han inn ekstern kapital. Det er avgjerande å finne dei ”rette pengane”. Vi skal investorar som kjem inn både med kapital og kompetanse. Dei må yte, om dei skal vere med, seier Haugen.
35-åringen seier at nettverksbygging, strategiske alliansar og bruk av internett og sosiale medium har vore viktig.
Med strategiske alliansar meiner han den meirverdien og referansen som tyske Blaser, belgiske Browning og amerikanske Kelbly´s Rifle gir når dei brukar rifleskjefte frå Hornindal.
- Utan dei mulegheitene som internett og sosiale medium gir, hadde det vore langt meir krevjande å nå ut og skaffe seg informasjon. Vi brukar mykje tid på å velje ut og sjekke dei marknadene vil ønskjer å nærme oss. For åtte-ti år sidan hadde det vore mykje vanskelegare, og vi hadde truleg vore ein aktør i Skandinavia, seier Haugen.

Dobling på to år

- Når du ser inn i glaskula, kva ser du då?
- Eg trur at vi er ei heilt anna bedrift om to år, med ein omsetnad som er dobbelt så stor som i dag, seier Oscar Haugen.
Vi har sprunge rundt i sponhaugane sidan vi var smågutar

Publisert: 19.05.2014 10:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33