Utflating for Trollbryggeriet
Etter fire år med vekst har Stranda-bryggeriet fått innpass i basisutvalet til Vinmonopolet.
Trollbryggeriet i Liabygda på Stranda omfattar både sjølve bryggeriet og eit eige selskapslokale, Trollstova, som blir leigd ut eller brukt til eigne arrangement.
Før pandemien vann selskapet innpass også i turistmarknaden med Trollstova, og den marknaden er no i ferd med å kome attende, ifølgje dagleg leiar Jørund Ringset. Ringset eig Trollbryggeriet saman med Kjartan Lied.
Trollbryggeriet leverer både til daglegvaremarknaden og til. Vinmonopolet. I år kjem bryggeriet med sin første variant som har fått innpass i basisutvalet i Vinmonopolet.
Å vere med i basisutvalet betyr at ølet blir tilgjengeleg i alle polutsal landet over. Dei andre ølsortane frå Trollbryggeriet hos Vinmonopolet har det vore opp til kvart einskild pol å ta inn.
Trollbryggeriet as | ||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 3,6 | 3,8 |
Driftsresultat | 0,3 | 0,5 |
Resultat før skatt | 0,1 | 0,3 |
Les også
Publisert: 20.04.2023 10:02
Sist oppdatert: 20.04.2023 10:01