Utfordrar kinesarane
SMARTARE: Helge Johansen hos Galvano gjer jobben bedrifta før brukte tre mann til. Alt som skulle til var ei smartare organisering i produksjonen. Slike tiltak gjer at Galvano kan konkurrere med leverandørar frå Asia. 
Nytt

Utfordrar kinesarane

Terje Berge i Galvano på Stranda har erstatta inntektene frå tidlegare storkundar, og leverte rekordresultat i fjor.

04.04.2016
- No tek vi faktisk tilbake understell frå Kina, og det er litt artig.
Terje Berge i Stranda-bedrifta Galvano er blid. Det ser bra ut for industribedrifta med 14 tilsette (16 i toppsesongar) der han både er leiar og største aksjonær.
- Eg ser mykje lysare på det no, seier Berge.

Oppsving frå møbel

Galvano lagar mellom anna stolunderstell til møbelbransjen, og har Fora Form i Ørsta som største kunde. Trenden med å flytte produksjonen ut til Asia er broten, no er flyttar kundane heim.

Kortare transport og betra konkurranseevne har styrka posisjonen til bedrifter som Galvano.

Ikkje valutaeffekt

Gunstig valutautvikling har gjort det lettare å konkurrere med Asia, men det er ikkje den som forklarar endringa i konkurransevilkåra. Endringa kom før valutaeffekten tok til å virke, i følgje Berge.
I fabrikkhallen er maskinoperatør Helge Johansen i ferd med å bøye stålunderstell til ein stol. Arbeidet består av to bøyeoperasjonar og ein boreoperasjon. Før vart arbeidet gjort at tre, med mykje venting, no er maskinene sett tett saman og Johansen gjer alt åleine. Eit godt døme på korleis produksjonen er blitt meir effektiv, men enkle midlar.
Det einaste Berge lurer på er kvifor dei ikkje fann på det for lenge sidan.

Store investeringar

Galvano på Stranda var starta Leiv Berge, far til Terje. Han bygde fabrikken på garden, omlag seks kilometer frå Stranda sentrum, med utsikt ned mot industriområdet på Svemorka og fram i Strandadalen.
I 2011 sto Terje Berge og medeigar Ottar Remme (20 prosent) med valet om å drive så lenge utstyret held og deretter avvikle, eller ta sjansen på å investere i nytt forniklingsanlegg og satse vidare. Dei gjorde det siste , og investerte ni millionar kroner i nytt anlegg - som er kjernen i verksemda.

Trist utflagging

- Skal vi klare å overleve framover må vi klare å vere konkurransedyktige med Asia, seier Berge.
Som underleverandør til møbelindustrien gjer det vondt kvar gong ei møbelbedrift flagga ut produksjonen, fortel Berge. Det er ille både for bransjen og direkte for bedrifta.
At Vad i Stordal og Varier i Skodje flytta ut møbelproduksjonen sin førte til tapte driftsinntekter på tre - fire millionar kroner for Galvano sa Berge til NETT NO i fjor.

Oppsving

Han frykta han måtte redusere arbeidstokken om selskapet ikkje greidde å erstatte dei tapte inntektene.
Men det har han greidd, og selskapet fekk og ei stor betring i lønsemda i fjor. Sidan 2002, som er den eldste reknskapen NETT NO har tilgang til, har Galvano aldri hatt eit meir lønsamt år. (Sjå og resultattabell).
Skal vi klare å overleve framover må vi klare å vere konkurransedyktige med Asia

Publisert: 04.04.2016 14:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54