Utfordrar Sp Klinge om EOES standpunkt
EØS-UTFORDRING: Inger-Marie Sperre (innfelt t.h.) i Brødrene Sperre har opplevd korleis britane har hamna i ein svært vanskeleg marknadssituasjon og utfordrar Jenny Klinge (innfelt t.v.) om partiets sitt synspunkt på EØS-avtalen. 
Nytt

Utfordrar Sp-Klinge om EØS-standpunkt

Dei siste dagane har Inger-Marie Sperre opplevd britane sin vanskelege marknadssituasjon – som ho fryktar Norge kan hamne i.

Marius Rosbach
07.01.2021
I kjølvatnet av at Storbritannia er ute av EU-marknaden har Brødrene Sperre fått oppleve kaoset som har oppstått i fiskerimarknaden.
– I løpet av dei første dagane i januar har vi motteke ganske mykje makrell frå britiske båtar, og det er veldig avgrensa kva land vi kan selje den vidare til. Så lenge Storbritannia var ein del av EU og EØS, hadde dei tilgang til ein felles marknad. No har alt dette rakna, fortel dagleg leiar og medeigar i Sperrefisk-konsernet, Inger-Marie Sperre til NETT NO.

Utfordrar Sp om EØS

I samband med skulle representantar frå næringslivet i Ålesund, mellom anna Inger-Marie Sperre utfordre Mørebenken på Stortinget.

Meir om konferansen:


Den seansen er som kjent avlyst som følgje av dei nye smitteverntiltaka, men på førespurnad frå NETT NO fortel Sperre at ho i første rekke vil utfordre Senterpartiet og deira standpunkt kring EØS-avtalen.
– At tanken om at Norge skal gå ut av EØS-avtalen blir tenkt og ytra så sterkt, når vi ser erfaringane frå Storbritannia, gjer meg ganske rysta, seier ho.

Fryktar svakare posisjon for Norge

Fiskeriselskapet med hovudkontor på Ellingsøya produserer klippfisk og tek mot pelagisk fisk som blir rundfryst og vidareseld. Dei har opplevd stadig meir pressa marginar dei siste åra.
Samtidig har norske styresmaktene eit mål om å auka bearbeiding av fisk her til lands, som eitt av fleire satsingsområde for å auka jobbskapinga.
Sperre fryktar at Norge også kan ende i ein tilsvarande vanskeleg situasjon som Storbritannia, om Senterpartiet får gjennomslag for sitt syn.

Klinge: – Ikkje overdramatiser

Stortingspolitikar Jenny Klinge (Sp) forsikrar Sperre at partiet ikkje vil gamble med interessene verken til norsk nærings, eller fiskeriet.
– Eg synest at Sperre ikkje bør overdramatisere standpunktet vårt om EØS-avtalen. Senterpartiet vil ikkje sette noko i spel, og går sjølvsagt ikkje inn for å tre ut av ein avtale utan å ha eit godt alternativ. Vi har sagt at vi vil prøve å forhandle til oss betre avtaler som ikkje samtidig inneberer svekka nasjonalt sjølvstyre på viktige politiske områder, skriv ho i ein e-post til NETT NO.
– Britane opplever jo problem fordi de gjekk inn i EU og så ville ut. Det at vi står utanfor gjer mellom anna at vi styrer våre eigne fiskeriressursar. Vi eksporterer mellom anna mykje fisk til Kina, som ikkje er en del av EU. Det viser at vi har gode forhandlingskort med fisk i verdsklasse frå norske produsentar, legg ho til.

«Stemningsbølgje av proteksjonisme»

Fiskeprodusent Sperre har lita tru på at Norge vil klare å få til andre gode løysingar enn EØS-avtalen. Ho åtvarar mot det ho kallar ei «stemningsbølgje av proteksjonisme» som ho fryktar vil skape problem for ein eksportretta økonomi som den norske.
– Om vi skulle ha gått ut av EØS-avtalen, meiner eg det vil bli ei for stor oppgåve for Norge åleine å få på plass eit alternativ, seier ho.
Sperre påpeiker at det handlar om tilgang til heile marknaden også moglegheitene til å selje fisk til andre land, via EU sine avtaler.

Les også:




- (startar kl 10)

Publisert: 07.01.2021 08:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10