Formfin foto Ogne
KAPITALUTVIDING: Formfin Møbler vil hente pengar for å satse meir på eksport. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Utsette emisjons-avgjerd

Formfin-sjefen reknar med positiv avklaring innan kort tid.

17.01.2024

Eit styremøte i Formfin Møbler like før årsskiftet utsette avgjerda om kapitalutviding i møbelprodusenten i Hundeidvika i Sykkylven.

Det er snakk om ei utsetjing, ifølgje dagleg leiar og medeigar Geir Ove Vegsund.

Han seier selskapet jobbar vidare med ei kapitalutviding, at det ser positivt ut og at han reknar med ei snarleg avklaring.

Satse i utlandet
Hovudpoenget med kapitalutvidinga er å finansiere satsing i utlandet.

Råna Invest, som eig 33,5 prosent av Formfin Møbler, har allereie gjennomført ei kapitalutviding på omlag ein million kroner i Råna Invest. Pengane skal brukast i den komande kapitalutvidinga i Formfin Møbler, ifølgje styreleiar og medeigar Leif Jarle Aure.

Minusår
2023 blei eit tøft år for Formfin. Deler at arbeidsstokken var permittert, men frå august i fjor har alle dei omlag 35 tilsette vore i arbeid.

– Eit krevande år. Det blir tap, sa Vegsund om 2023 til NETT NO like før jul 2023.

Vegsund er medeigar i møbelprodusenten saman med Råna Invest og selskapet Stol & Møbelfabrikken Formfin As. Stol & Møbelfabrikken Formfin er eigd av Olav Utgård, Harald Lidvar Bueide og Steinar Magne Myrseth.

Publisert: 17.01.2024 09:09

Sist oppdatert: 17.01.2024 09:12

Mer om