OFS foto OFS
BYGGET KLART: I bygget til høgre skal OFS Norge plasssere to kar for oppdrette av postsmolt. Den vil vere mellom 700 gram og eitt kilo før den blir seld, og plassert i sjøanlegg hos oppdrettarane som kjøper den. Illustrasjon: OFS Norge.
Nytt

Utsette kapitalutviding til neste år

OFS Norge vil hente 100 millionar kroner til landbasert oppdrettsanlegg ved Måløy.

15.12.2025

Den planlagte kapitalutviding til OFS Norge vart først kjent i ein artikkel i Ilaks i september i år.

Sjølve kapitalutviding har imidlertid late vente på seg og no seier styreleiar og medeigar Ronny Magne Almenning til Nett No at planen er å gjennomføre kapitalutviding i løpet av første kvartal 2026. Norne Secruties er framleis engasjert for å hjelpe til med å få pengane inn.

Skal bygge to kar
OFS Norge har bygget klart som skal romme dei to første kara kapitalutviding skal vere med og finansierer. Kvart kar blir på 2800 kubikkmeter og skal brukast til å drette opp lakseyngel til den blir mellom 700 gram og eitt kilo - før den skal seljast til oppdrettarane som skal sette dei ut i anlegg i sjø. 

Opphavleg hadde OFS Norge planar om å drette opp fisken fram til slakting, men har vald å drette opp såkalla postsmolt i staden.

Også pilotanlegget OFS Norge har drive skal brukast til postsmolt-oppdrett.

Lakseprisauke
Då den planlagte kapitaliutvidinga var kjent hadde lakseprisen i sportmarknaden like før vore nede i under 60 kroner kiloen, som er mindre enn det mange oppdrettarar må ha for å gå med overskot, og Almenning vedgjekk i september at prisen gjerne skulle vere høgare når OFS skulle hente pengar.

No har han fått ønsket sitt oppfylt. Prisen har gått opp i heile haust og Nordea Markets har nyleg spådd ytterlegare prisvekst, med ein gjennomsnittspris på 86 kroner kilioen til oppdrettar neste år og 90 kroner kiloen i 2027.

Over 255 eigarar
OFS Norge omfatta det heileigde datterselskap OFS Måløy og det majoritetseigde datterselskapet Ontec.

Under OFS Norge-paraplyen blir det drive både oppdrettsproduksjon og teknologiutvikling.

Etter kapitalinnhentinga gjennom Dealflow i fjor passerte OFS Norge over 250 aksjonærar.

Berre ti av dei har meir enn to prosent eigarandel. 

Største eigar er Ronny Magne Almenning sitt selskap, RMA Invest (27,3 prosent). AH Gruppen i Andenes i Vesterålen eig 22,9 prosent, og er nest største eigar. Johan Oksholen i Ålesund sitt selskap, Noas Invest, eig 10,2 prosent og er tredje største eigar ifølgje databasen proff.no.

Publisert: 15.12.2025 12:58

Sist oppdatert: 15.12.2025 12:58

Mer om