Erik Jakobsen Menon Economics
TAR TEMPERATUREN PÅ DEN MARITIME KLYNGA: Erik Jakobsen i Menon Economics. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Utstyrsprodusentane gir maritimt løft

Vekst for utstyrsprodusentane dempa inntektsfallet i den maritime klynga i fjor. I år blir det vekst for alle. 2022 blir tøffare igjen, trur bedriftene.

23.09.2021

Menon Economics analyse for tilstanden i den maritime klynga viser at driftsinntektene til skipsverfta fall 19 prosent i 2020.

Utstyrsprodusentane hadde 11 prosent vekst og heile klynga hadde samla sett ein inntektsnedgang på fem prosent i 2020.

Langsiktig vekst
I år ligg det an til ein vekst for heile klynga på sju prosent, medan prognosen for 2022 er ein vekst på omlag ein prosent.

Veksten i 2022 vil kome frå utstyrsleverandørane og reiarlaga, medan verft og selskap som mellom anna skipsdesignfirma vil få ein liten reduksjon i inntektene.

På lengre sikt, fram til 2030, spår Menon Economics vekst for storparten av den maritime klynga, mellom anna på grunn av omlegging til skip ogsom slepper ut mindre CO2 og utbygging av vindkraftanlegg til havs.

Utfordringa er først og fremst hos dei store verfta, sa ifølgje Menon Economics-partnar Erik Jakobsen.

Mange bedrifter
Den maritime klynga omfattar utstyrsleverandørar (som til dømes lagar maskiner, propellar og vinsjar), serviceebedrifter (som til dømes skipsdesignarar), skipsverft og reiarlag

Klyngeanalysen 2021 blei presentert på klyngeorganisasjonen GCE Blue Maritime sin årlege klyngekonferansen på NMK i Ålesund i dag, torsdag 23. september.

For pessimistisk i fjor
Då klyngeanalysen for 2020 blei lagt fram for eitt år sidan var bedriftene meir pessimistiske til korleis 2020 skulle bli enn det som blei fasiten.

Dei var også meir pessimistiske til korleis 2021 skulle bli enn kva dei trur om 2021 i dag, ifølgje Jakobsen i sin presentasjon av årets klyngeanalyse.

Samla sett trudde bedriftene i den maritime klynga på 15 prosent inntektsnedgang i 2020. Fasiten blei fem nedgang prosent.

Publisert: 23.09.2021 12:40

Sist oppdatert: 02.12.2021 14:45