Erik Jakobsen 3 Menon 2020 foto Ogne
JAKT PÅ NYE NISJER: Skreddarsaum er framleis vegen å gå for norske skipsverft, meiner Erik Jakobsen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Menon-analytikar: Ingen veg utanom skreddarsaum

Skipsverfta må jage etter å vinne konkurransen i nye marknadar. Standardisert masseproduksjon vil ikkje lukkast, meiner Erik Jakobsen.

01.09.2021

Erik Jakobsen i Menon Economics står i spissen for den årlege analysen av den maritime klynga på Nordvestlandet og fleire andre analyser av den maritime næring i Norge.

Onsdag presenterte han sine vurderinga på eit frukostmøte i regi av NHO i Ålesund.

Nøkkelen for at skipsverfta skal klare seg er å halde seg til det som har vore tradisjonen, å bygge skreddarsydde skip. Masseproduserte standardiserte skip vil ikkje verfta på Nordvestlandet lukkast med å konkurrere med.

- Både bedriftskultur, organisasjon og infrastruktur er så orientert mot skreddarsydde løysingar for kundane at det å omstille seg til konstnadseffektiv masseproduksjon, det trur eg ikkje er mogleg, seier Jakobsen.

Jakte nye nisjer
Norske skipsverft var verdsleiande i bygging av offshoreskip, men var i ferd med å tape terreng mot utanlandske verft allereier før oljeprisen stupte i 2014.

Og offshoremarknaden kjem ikkje tilbake som den var. Verfta må finne nye nisjer.

- Det er eigentleg ingen alternativ til å fortsette og heile tida jobbe mot dei nye marknadane. Ein må ligge i forkant av den store bølga heile tida, sier Jakobsen.

Han bruker mellom anna skip for vindkraftproduksjonanlegg til havs som døme.

Dele risiko
Fleire tøffe år på rad har tappa mange verft for kapital. Det gjer at dei manglar styrken som må til for å ta på seg eller vinne store kontrakter.

Risikoen er for stor.

Svaret er at utstyrsleverandørar og reiarlag bør vere med på å dele risikoen, av rein eigeninteresse, meiner Jakobsden.

- Det er viktig for den maritime klynga at det blir bygd skip i Noreg, seier Jakobsen.

Publisert: 01.09.2021 11:15

Sist oppdatert: 01.09.2021 12:21