Utvidar innovasjonsarena i Molde
Tilbyr prototype-bygging i nytt laboratorium.
Næringsklynga NCE iKuben og næringsutviklingselskapet Protomore aukar kapasiteten for bedrifter som vil ha plass og hjelp til å utvikle nye produkt og idear.
I førre veke opna NCE iKuben eit nytt laboratorium for utvikling og produjsjon av prototypar. Laboratoriet er mellom anna utstyrt med 3D-skrivarar, laserkuttarar og scannarar for prototypebygging.
Klyngemedlemane kan også få hjelp til å gjennomføre prosjekta sine og rettleiing for å finne moglege partanar.
Det handlar mellom anna om å gjenvinne tapt terreng i eksportmarknadane.
- Vi gjer dette fordi industrien i vår region er avhengig av å innovere. Eksportandelen går ned, også i IKuben, seier dagleg leiar Konrad Lillevevang i ikuben.
Industri 4.0
Det handlar om å ta produktutvikling og industriproduksjon eitt steg opp, til det som blir kalla den fjerde industrielle revolusjon eller også industri 4.0.
- Dei fleste bedriftene er ikkje store nok til å bygge opp eigne 4.0-labbar, seier Lillevevang.
Næringsutviklingsselskapet Protomore har allereie to utviklingslaboraroritum som bedrifter kan bruke i produktutvikling og innovasjonsarbeid, men det nye laboratoriet til iKuben blir det første det det også kan byggast fysiske prototypar.
På tvers av bransjar
Protomore og iKuben har base i Molde.
Næringsklynga iKuben fekk status som nasjonal næringsklynge i 2017 og skil seg frå mange andre næringlklynger ved at den samlar bedrifter på tvers av bransjar. Den er basert på digitalisering - korleis bedrifter kan bruke løysingar som internett og IT gir for å effektivisere drifta.
iKuben er partnar i Skaparhuset i Ulsteinvik saman med ÅKP og har saman med Protomore også eit samarbeid med Framtidslabben i Ålesund kommune.
Publisert: 04.10.2021 15:54
Sist oppdatert: 15.10.2021 14:22