Leif Gjelseth og Odd Emil Ingebrigtsen
OPPDRETT: Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (t.h.) vil femdoble norsk oppdrettsproduksjon innan 2050. Leif Gjelseth meiner at MMC First Process og partnerar har ei løysing som kan bidra til å nå dette målet. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Utviklar ny løysing for lukka merder i fjordar

MMC First Process vil satse på store ståltankar til oppdrett. Meiner at det kan skape stor oppdrettvekst i fjordane.

19.07.2021

- Potensialet er stort. Det er plass til mykje meir oppdrett i fjordane dersom vi får kontroll på lusa, og betrar miljøet og fiskehelsa.

Det seier MMC-gründer Leif Gjelseth.

Under eit møte med fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen presenterte Gjelseth dei nye planane, der MMC First Process har fått med seg solide aktørar på tankdesign, pumper og slamhandtering.

Store ståltankar
Løysinga dei no jobbar med er bygging av standardiserte ståltankar som har plass til 1.000 tonn slaktefisk.

Vatnet vert pumpa inn med svært lav løftehøgde og med jamn fordeling i heile i tanken. Pumpesystemet krev svært lite energi og hentar vatnet under lusebeltet.

- Vi skal filtrere ut vatnet, ikkje inn. Det er ingen logikk i å filtrere vatnet inn så lenge ein får lov å ha laks i opne merder, seier Gjelseth.

Anlegget skal ha elektrisk drift frå land, men vere tilkopla dieselaggegat om den elektriske krafta sviktar. I tillegg er det også med reservepumpe som fort kan koplast til.

MMC
STÅL: Kvar av ståltankane vert på 30 meter i diameter. I ei slik merd meiner ein at det vil vere plass til 1.000 tonn slaktefisk. Skisse: MMC First Process

Mange fordelar
Gjelseth meiner at det er mange fordelar med løysinga. Gode forhold for fisken gir lav dødelegheit, ein slepp luseplager, miljøet vert ivaretatt, og ein hindrar røming.

- Det er ingen laks som klarer å symje gjennom stålveggar, seier Gjelseth.

Ulempene er at det er dyrare med ståltankar enn med merder av not. I tillegg er elektrisitetskostnadane større.

- Men vi meiner at fordelane er langt større enn ulempene. Dette er noko vi verkeleg har tru på, seier Gjelseth.

- Plass til mykje meir
Han viser til at det i dag finst 875 oppdrettslokasjonar og nær 4.000 merder.

- Det er plass til mykje meir, og det trengst ei ny satsing om ein skal få ein stor auke i produksjonen. Med kontroll på luseproblemet, god fiskevelferd og minimale utslepp kan ein vekse mykje i fjordane.

Med kontroll på luseproblemet, god fiskevelferd og minimale utslepp kan ein vekse mykje i fjordane
Leif Gjelseth

Inspirert av ministeren
Avfallet skal brukast til biobrensel, biodiesel, gjødsel eller andre bruksområde. Dette er noko som mange aktørar har fokus på no.

Gjelseth framheva at MMC First Process var inspirerte av fiskeriministeren sin uttalelse til media tidlegare i år der han seier at "blant virkemidlene som vurderes, er en ny stimuleringsordning for å sluse mer av dagens fjordoppdrett inn i lukkede anlegg."

- Vi trur det er heilt nødvendig med ei stimuleringsordning for lukka anlegg i fjordar dersom vi skal få til ei endring som sikrar bærekraftig og lønsam vekst framover, seier Gjelseth.

- Utruleg spennande
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen meiner det er mogleg å femdoble norsk produksjon av laks og ørret innan 2050. Han likte planane til MMC First Process.

- Utruleg spennande. Dette er noko vi ønsker å høyre meir om.

Publisert: 19.07.2021 06:00

Sist oppdatert: 18.07.2021 17:54