Mmc first process Thor Arne Voldsund Aleksander Mork Strand Bjarne Stokseth foto Marius 11
– TRYGGE ARBEIDSPLASSAR: Dei tillitsvalte i MMC First Process (f.v.) Thor-Arne Voldsund (Teknisk-naturvitenskapelig foreining), Aleksander Mork Strand (Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon) og Bjarne Stokseth (Fellesforbundet). Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Heilt fantastisk og utruleg kjekt

Glede hos dei tillitsvalte i MMC First Process, som seier milliardavtale gir trygge og sikre arbeidsplassar i lang tid.

Marius Rosbach
03.06.2021

Det var stor glede mellom dei tilsette i MMC First Process over nyheita om at dei hadde sikra seg oppdrag med utstyr til 19 komande brønnbåtar for Sølvtrans.

– Det er heilt fantastisk og utruleg kjekt, fortel klubbleiar Bjarne Stokseth i Fellesforbundet då han møter NETT NO saman med dei to andre tillitsvalte Thor-Arne Voldsund (Tekna) og Aleksander Mork Strand (Nito).

– Dette betyr trygge og sikre arbeidsplassar langt fram i tid, seier Voldsund om avtalen som blei signert på Mjølstadneset torsdag ettermiddag.

– Eit godtefat for ingeniørar
Enkelt sagt lagar bedrifta alt som trengs av utstyr og system som trengs til å handtere fisk, om det er i fiskebåtar, brønnbåtar, eller oppdrettsanlegg på land.

Tekna-leiaren fortel at han ikkje har hatt ein kjedeleg dag på jobb sidan han starta. Mykje av arbeidet går ut på å utvikle produkta deira vidare. Voldsund er ikkje i tvil om at det er ein «kremjobb» for ein ingeniør.

– Det er ei rivande utvikling i denne bransjen og det er eit godtefat for ingeniørar å jobbe her. Det er masse utfordringar kvar einaste dag, fortel han.

– Kjekt å bli utfordra
Nito-leiar Aleksander Mork Strand representerer eit fagforeining som etter kvart har blitt stor, med nær 40 medlemmar.

– Det er kjekt å bli utfordra av kundar som Sølvtrans, som kjem og seier at dette må dokke bli betre på. Då må vi legge oss i selen, og slikt lærer vi av. Vi håpar også at Sølvtrans er happy med at vi har ei slik innstilling, legg Strand til.

Mmc first process mjølstadneset 11
AVANSERT PRODUKSJON: MM First Process-sjef Petter Leon Fauske (t.h.) på staden hvor alle delane som Mjølstadneset-avdelinga nyttar, blir laga. Først blir stålplatene bearbeida til delar, som deretter går til maskinering. Foto: Marius Rosbach

Bjarne Stokseth i Fellesforbundet påpeiker at brønnbåtane har vorte større og større – og dei har fått vore med på utviklinga heilt opp til dei største i verda.

Høg organisasjonsgrad
Dei tillitsvalte opplever god oppslutning om fagforeiningane i bedrifta, som i dag teller 178 tilsette.

Stokseth i Fellesforbundet representerer kring 40 medlemmar ved dei tre avdelingane og Voldsund i Tekna har ni medlemmar. Fellesforbundet har flest medlem med utanlandsk bakgrunn. Stokseth fortel at oppslutninga om det organiserte arbeidslivet er god også mellom dei.

– Vi har mellom anna mange polakkar som er organiserte, og har ein høg organisasjonsgrad i Fellesforbundet, fortel han.

(saka held fram under)

Mmc first process sølvtrans signering kontrakt juni 2021 mjølstadneset 11
SIGNERING: Sølvtrans-medarbeidar Harald Nesvik leia pressekonferansen som blei sendt via Teams frå Mjølstadneset. Ein rekke pressefolk var møtt opp for å sjå MMC FIrst Process-sjef Petter Leon Fauske og Sølvtrans-reiar Roger Halsebakk signere kontrakta. Foto: Marius Rosbach

– Ny måte å jobbe på
– Dette er ein spennande og ny måte å jobbe på, det er innovativt og eg ser veldig fram til å kome i gong, seier administrerande direktør Petter Leon Fauske til NETT NO om avtalen med Sølvtrans.

Selskapet han leiar har dei siste vekene også sikra seg levering til verdas største brønnbåt til reiarlaget Seistar og kontrakt på det landbaserte oppdrettsanlegget til Salmon Evolution på Indre Harøy.

Har bemanna opp
Det blir ikkje fleire tilsette i MM First Process som følgje av kontrakten, og administrerande direktør Petter Leon Fauske fortel at dei har rigga bemanninga dei seinare åra nettopp for å takle slike store ordrar.

– Ein del av det å få denne avtalen, er at vi har bemanna opp allereie. Vi har tilsett 26 personar sidan nyttår og har framleis nokre vi held på å rekruttere, fortel Fauske.

Jamt fordelt over fem år vil berre Sølvtrans-avtalen sikre ei omsetning på kring 200 millionar årleg – om lag ein tredel av ei årsomsetning i dag.

– Det gjer ting meir føreseieleg og endrar måten vi kan jobbe og planlegge på. Men det stiller også krav til at vi planlegg slik at vi kan serve Sølvtrans på ein skikkeleg måte, påpeikar han.

Publisert: 03.06.2021 21:21

Sist oppdatert: 03.06.2021 22:09

Mer om