Milliardkontrakt til MMC First Process
Skal levere utstyr til 19 Sølvtrans-nybygg.
Brønnbåtreiarlaget Sølvtrans skal bygge 19 båtar fram til og med 2025. Anlegga som skal handtere fisken ombord skal utstyrsleverandøren MMC First Process levere.
Det er ein kontrakt på ein milliard kroner for MMC First Process. Den både sikrar MMC First Process eit viktig inntektsgrunnlag og skaper ringverknadar MMC First Process sine leverandørar.
- Den strategiske avtalen mellom Sølvtrans og MMC First Process, kombinert med lokale verft som blir engasjert, viser vi at vi meiner alvor med lokal forankring. Og ikkje minst at vi byggjer ei kompetanseklynge på Sunnmøre som er leiande og medverkar til å utvikle heile næringa, seier Sølvtrans-sjef Roger Halsebakk.
Lokale ringverknadar
Sølvtrans har i fleire år hatt eit omfattande nybyggingsprogram, der Aas. Mek Verksted i Vestnes og Myklebust Verft i Sande kommune har fått storparten av oppdraga.
Lokale ringverknadar er eit mål for Sølvtrans.
Sølvtrans byggjer sine båtar og kjøper det aller meste av utstyret ombord lokalt all den tid at det er nettopp her ein finn den rette kompetansen, kvaliteten og leveringstruggleike som vi stiller strenge krav til, seier driftssjef Robin Halsebakk i Sølvtrans i pressemeldinga.
Fram til 2025
Sølvtrans har tidlegare i år offentleggjort tre bygge kontrakter, to med Aas Mek. Verksted og ein med Myklebust Verft, på tilsaman over 1,2 milliardar kroner,
Dei kontraktane er ein del av eit byggeprogram som går fram til og med 2025 og omfattar ytterlegare 19 båtar, som altså skal utrustast av MMC First Process.
MMC First Process starta 2021 med ein ordrereserve på over ein milliard kroner og forventningar om videre vekst, og behov for fleire folk.
I første omgang lyste selskapet ut 16 nye stillingar og planla å auke arbeidsstokken med tilsaman 31 personar i løpet av 2021.
Nyleg sikra dei seg også eit større oppdrag med Salmon Evolution sitt landbaserte oppdrettsanlegg på Indre Harøy i Hustadvika kommune.
Publisert: 03.06.2021 15:00
Sist oppdatert: 03.06.2021 15:48