Val oppdrag viktig for gruenderbedrift
DEMOKRATI-APP: Frå venstre: Hildegunn Welle i Fantastiske Osberget, Iselin Aske i Abdi & Aske og Rohat Saidi. 
Nytt

Val-oppdrag viktig for gründerbedrift

Rådgjevarane i Abdi & Aske har gjort business ut av lokalvalet. No jobbar dei med korleis dei kan nytte erfaringa vidare.

Marius Rosbach
03.09.2019
Rådgjevingsfirmaet Abdi & Aske blei starta opp av dei tidlegare kollegaene ved asylmottaket på Hareid, Iselin Aske og Ali Abdi. frå kvar sin kant i landet – ho i Ulsteinvik og han i Oslo – mellom anna med å tilby kurs til det offentlege, flyktningar og innvandrarar.
Det ferske firmaet fekk i fjor oppdrag frå Valgdirektoratet om å lage ein webapplikasjon med informasjon og spørsmål, som skulle få fleire innvandrarar til å nytte stemmeretten.

– «Boost» av sjølvtillit

Tilbakemeldingane har vore gode. Mellom anna då dei var på Arendalsuka med prest og imam i sommar.
– Då kom vi i kontakt med fleire som allereie hadde teke i bruk applikasjonen, og synest den var bra. Det er kjekt og fin marknadsføring. Også gir det ein «boost» av sjølvtillit, som er kjekk å få som gründer, påpeiker ho.
For rådgjevingsselskapet kroner også eit solid tilskott til årsinntekta. No jobbar dei mellom anna med korleis dei kan få meirverdi av arbeidet.
– Vi tenkjer det kan nyttast både i marknadsføring av ulike kursmodular, og i introduksjonsprogram for flyktningar, eller vaksenopplæring, fortel Aske.

Les også:


Ville vere litt provoserande

Applikasjonen som finst på er tilpassa nettlesar på mobil og nettbrett. Den skal gjere brukarane «betre kjend med verdiane som gjer at dei sett pris på det å bu i Norge», heiter det i oppdraget.

– Då vi søkte sa vi at vi ikkje ville lage ei typisk infoside, men at den skulle vere litt provoserande, ta opp litt «touchy» ting og vere litt i grenseland. Men det er utfordrande fordi det er store og alvorlege tema for mange, seier Aske.
Ho meiner refleksjon og gjerne provokasjon – er gode verktøy til å oppnå endring i haldningar.
Rohat Saidi som er kurder og har flykta frå Syria, er innom bedrifta denne dagen og midt i målgruppa.
– Eg synest at dei har vore kjempeflinke og var veldig imponert. Eg tenkjer at det verkar som at den som har laga appen, sjølv kjem frå utlandet, er hennar «dom».
– Vi får mange tilbakemeldingar om at vi har lukkast og det har gitt oss mykje motivasjon. Når ein startar opp ei bedrift er det mykje som dreiar seg om andre ting enn sjølve faget ditt, som forretningsplanar og slikt. Då var det utruleg godt å jobbe med eit skikkeleg oppdrag, seier Aske.

Fruktbart samarbeid

I Ulsteinvik delar Iselin Aske kontorlokale med Fantastiske Osberget, og fotografane Per Eide og Cecilie Hatløy. Samlokaliseringa og samarbeidet med Fantastiske Osberget har vore verdifullt i valoppdraget.
– Ved å samarbeide med dei, som kjem frå eit anna fagfelt enn oss, har vi fått andre spørsmål undervegs enn vi ville fått frå personar med min eiga bakgrunn, fortel Aske.
Webdesignar Hildegunn Welle er ein av dei som har jobba mest med prosjektet frå Osberget. Ho har mellom stått for visuell identitet og utforming av webapplikasjonen.
– Det har vore lærerikt for begge partar å jobbe med eit prosjekt over lengre tid, både det å sette seg inn i fagfeltet, og det å klare og utvikle noko som skal fremme bodskapen, seier Welle.

Les også:


Ved å samarbeide med dei, som kjem frå eit anna fagfelt enn oss, har vi fått andre spørsmål undervegs enn vi ville fått frå personar med min eiga bakgrunn

Publisert: 03.09.2019 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39