EY Thea Overvag Tafjord Sander Aaroe Havard indregard Petersen Foto Marius 1
I GANG MED ARBEIDSLIVET: Thea Overvåg Tafjord (f.v.), Sander Aarøe og Håvard Indregård Petersen er i gang med arbeidslivet etter utdanning andre plassar i landet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Var aldri i tvil om å flytte heim

EY-trio blant årets kull av nyutdanna som har kome tilbake til Nordvestlandet etter studiar andre plassar i landet.

Marius Rosbach
09.11.2024

Kvar seinsommar og tidleg haust er det «høgsesong» for at nyutdanna unge flyttar tilbake til Nordvestlandet etter å ha studert andre plassar i landet. 

Sander Aarøe fra Ålesund, Håvard Indregård Petersen fra Larsnes og Thea Overvåg Tafjord frå Ulsteinvik er tre av dei som har følgt det sporet. 

Dei var aldri i tvil om at det var rett. 

For trioen var det naturleg å reise til ein større by for å studere. Det var óg like naturleg å flytte heim på eit tidspunkt. 

For Håvard var familie og venner viktig: – Også blei eg onkel i år. Det var med å avgjere for min del, seier han. 

Han har allereie vore ved EY-kontoret i Ulsteinvik ei periode, medan Sander og Thea starta ved Ålesund-kontoret i august. 

Oppdaga arbeidsgivaren på bedriftspresentasjon 
Med ferske utdanningspapir i økonomi og administrasjon frå Oslo og Bergen, er den unge trioen ettertrakta på jobbmarknaden. 

Dei fortel at studentane snakkar ein del seg i mellom om kva arbeidsgivarar og selskap som har gode rykte. Dei fortel at EY er kjent for å gi gode moglegheiter til karriere, med mykje tillit og sjansen til å jobbe med både nasjonale og lokale kundar. 

Ein god «on boarding»-prosess opplevast også som trygt, fortel dei.

For Thea sin del var det fleire ting som spelte inn for at ho valde revisjonsselskapet.

– Dei hadde ein bedriftspresentasjon på skulen – noko som alltid er ein smart strategi for å vere synleg for studentane. 

– I tillegg har dei eit solid rykte for å ta godt vare på nyutdanna, med opplæringsprogram og karrieremoglegheiter. Det gjer dei til ein attraktiv arbeidsgivar for nyutdanna, meiner ho.

Starta med internship
Håvard har hatt internship i EY tidlegare, og selskapet var difor eit naturleg val som arbeidsgivar. 

Han meiner meir bruk av slike ordningar, er eit smart grep for å sikre seg framtidige tilsette. 

– For den langsiktige rekrutteringa trur eg óg det er viktig at bedrifter frå regionen reiser til dei store byane, og viser at dei verkeleg er interesserte i rekruttere nye, seier han. 

Ivar Andre Norvik EY Alesund foto Marius
MANGE NYANSATTE: Ivar André Norvik tok over ein ung organisasjon då han tok over leiinga av Ålesund- og Ulsteinvik-kontoret til EY. Sidan har han tilsett fem-seks nye kvart år. Foto: Marius Rosbach

Har gått frå 23 til 41 tilsette
Som Nett No kunne fortelje nyleg har revisjonsekspertane opplevd rakettvekst på Nordvestlandet dei siste åra. 

Sidan Ivar-André Norvik tok over som leiar av Ålesund- og Ulstein-kontoret til EY i 2021, har dei gått frå 23 til 41 tilsette. 

Også nasjonalt veks selskapet betydeleg og i august starta heile 230 nye tilsette i konsernet. Selskapet er med andre ord vande med å handtere mange nye.

– Alle nye som starta i EY i heile Norge var ei veke saman i Sverige. Då var det kurs og fullt opplegg frå måndag til fredag, fortel Sander. 

– Dei veit at ein kan vere usikker som nyutdanna, og er veldig opptekne av å lære deg opp slik at du skal bli trygg og god i det du gjer, legg Thea til.

Jobbmarknaden i Ålesund undervurdert?
Trioen ser ikkje vekk frå at dei vil studere vidare og ta master i revisjon. Det kan dei då gjere i kombinasjon med jobb. 

For augneblinken passa det godt å få arbeidserfaring. 

– I EY kan du også skifte om du ønsker å jobbe med andre område enn rein revisjon til eksempel. Det er stor fleksibilitet for kva veg du vil gå vidare, seier Håvard.

Per i dag ser dei føre seg å bli, både når det gjeld arbeidsgivar og bustad.

– Det er mindre forhold og mindre selskap her i Ålesund, Men eg trur det også gir deg større moglegheiter, enn i eit langt større selskap i Oslo til eksempel, seier Sander. 

– Eg tenker samtidig at jobbmarknaden i Ålesund kanskje er litt undervurdert. Det er mange store selskap her som jobbar både nasjonalt og internasjonalt, legg han til.

Publisert: 09.11.2024 05:00

Sist oppdatert: 10.11.2024 21:46

Mer om