Monica Devold med innfelt Liv Valaker Roren Liv Tuva foto privat
NOMINERTE: Monica Devold frå Norbruk NorFacility som driv med catering, kantinedrift og reinhald er mellom dei nominerte til eldsjelprisen under Fabelaktig Fredag. Liv Valaker Røren (oppe til venstre) ved Valaker Bakeri & Konditori og Liv Tuva (nede til venstre) ved Rema 1000 Digernes er også nominerte. Foto: Privat
Nytt

Ny stor møteplass for bedrifter og jobbsøkjarar

Vil heidre dei som tenker alternativt i rekruttering av nye folk.

Marius Rosbach
31.10.2024

Fredag 8. november blir det invitert til ein ny møteplass som skal bidra til å få fleire på Sunnmøre inn i arbeidslivet. Fabelaktig Fredag er namnet på opplegget som er gjennomført med suksess i ei årrekke andre plassar i landet. 

Arrangementet som tek sikte på å fylle salen ved Parken Kulturhus i Ålesund kan samanliknast med ei jobbmesse – med noko attåt. 

Undervegs blir det mellom anna delt ut tre prisar (sjå dei nominerte under).

– Tidleg på dagen inviterer vi jobbsøkjarar til eit program på scena som skal motivere til å sjå moglegheitene. Etterpå blir det jobb- og kompetansemesse der dei får møte bedrifter med rekrutteringsbehov. Kven som helst som er på utkikk etter moglegheitar i arbeidslivet kan komme. Og det er ingen påmelding, seier Elin Christine Melby til Nett No. 

Ho er seniorrådgivar for berekraft i NAV Møre og Romsdal, som er ein av arrangørane. Med seg har dei Framtidslaben, Bærekraftsløftet Møre og Romsdal og arbeids- og inkluderingsbedriftene Brisk og Furene. 

På scena blir det både historier og underhalding. Førebels har eit 20-tals bedrifter meldt si interesse for å vere med på messa. Melby fortel at det er plass til fleire og oppmodar dei som vil ha stands til å ta kontakt.

Morten og Sissel fabelaktig fredag
LEIAR ARRANGEMENTET: Morten Fjelddahl-Jacobsen frå Brisk og Sissel Standal frå Framtidslaben er konferansierar på Fabelaktig Fredag. Foto: Trine Klemetsen/ Bypatrioten

Vil bidra til å få fleire i arbeid
Brisk og Furene kan vise til gode resultat med å skaffe arbeid til personar som har hatt vanskeleg med å kome i jobb. Årleg får dei fleire hundre personar ut i arbeidslivet. 

Fleire i arbeid er óg den grunnleggande målsettinga med Fabelaktig Fredag-arrangementet. Målet er å inspirere fleire til å stå saman mot utanforskap.

At 600-700.000 personar i arbeidsfør alder står utanfor arbeidslivet her til lands, gir store konsekvensar for den enkelte, men også for samfunnet,påpeiker Melby. 

Utfordringa er formidabel - og løfta høgst på den politiske dagsorden.

– Det er stor etterspurnad etter arbeidskraft hos bedriftene. Samtidig er det heilt klart mange folk som står utanfor arbeidslivet, som har noko å tilby. Det handlar om å finne moglegheitene saman, seier Melby.

– Litt anna måte å tenke rekruttering på
Med Fabelaktig Fredag-arrangementet vil arrangørane mellom anna peike på kva resultat ein kan få med inkluderande rekruttering. 

– Det er ein litt anna måte å tenke rekruttering på. Men det er ligg mykje «gull» her, og mange har eit stort ønske og motivasjon for å komme inn i arbeidslivet, fortel Melby. 

Opplegget har vore gjennomført årleg fleire andre plassar i landet. Om erfaringane frå Ålesund er gode, vil det vere naturleg å forsøke liknande opplegg i Romsdal og på Nordmøre, fortel Melby. 

Publikum kan stemme fram eldsjel
Under ettermiddagsarrangementet for næringslivet blir det også delt ut tre prisar for å heidre aktørar som på ulike vist har bidrege til inkluderande rekruttering.

– Det ligg ein innsats i inkludering og ofte handlar det om å vere romsleg og gi folk sjansar – også utover det ein kan vente, seier Melby. 

– Mange bedrifter gjer óg ein solid jobb. Nokre gonger lukkast vi, og andre gonger ikkje. Berre å få lov til å få sjansen er viktig for den enkelte, legg ho til. 

Eldsjel 2024 er ein pris der folk blir oppmoda til å stemme på sin favoritt, medan Ungdomssatsaren og Nyskaparprisen blir kåra av ein jury. 

Årets nominerte til Eldsjel 2024:

  • Liv Tuva, Rema 1000 Digernes
  • Liv Valaker Røren, Valaker Bakeri & Konditori
  • Monica Devold, NorFacility, Norbruk

(her kan du stemme – ekstern lenke

Nominerte til Ungdomssatsaren 2024:

  • Peab K. Nordaang 
  • Kongsberg Maritime Ulsteinvik
  • Centrum Karosseri

Nominerte til Nyskaparprisen 2024:

  • Prosjekt Løvetann v/ Mats Grimsæth
  • Sykkylven kommune
  • Boreas og Poseidon ved Henrik Hoff og Fredrik Olav Friberg
Podium

E22/S2 Jakta på kompetansen - kva kan gjerast for å sikre næringslivet folka dei treng?

Publisert: 31.10.2024 05:00

Sist oppdatert: 31.10.2024 14:08

Mer om