Boerspause i Vard
Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vard-angrep til Kripos

Kripos har overtatt etterforskinga av dataangrepet mot Vard.

05.01.2022

Natt til 1. juni 2020 oppdaga Vard at selskapet var utsett for eit dataangrep som sette it-systema ut av spel, og sidan har politiet etterforska saka.

Etter ein månad meinte politiet at akuttfasen i angrepet var over, og at Vard var sikra mot ytterlegare skade.

Ut over det er det gitt lite informasjon om angrepet og etterforskinga frå Vard og politiet.

Kripos-sak
No har Kripos overtatt etterforskinga frå Møre og Romsdal Politidistrikt.

Det stadfestar Kripos til NETT NO, men vil ut over det ikkje seie noko om status i etterforskinga og forventingar til framdrifta i etterforskinga.

Kommunikasjondirektør Hege Akselvoll i Vard seier på generelt grunnlag at selskapet tek digital tryggleik på det største alvor, men har ingen kommentar til angrepet, status i saka eller etterforskinga.

Økonomisk motiv
– Vi antek at gjerningspersonane er utanlandske, og at det kan vere eit økonomisk motiv, sa politiinspektør Unni Moen Vikebakk ved Møre og Romsdal politidistrikt til NETT NO i desember 2020.

På det tidspunktet hadde politiet også starta eit samarbeid med politiet i andre land, som ein del av etterforskinga.

Bedrifter sårbare ved høytider
Nasjonalt Sikkerhetsmyndighet (NSM) åtvara nyleg norske bedrifter om auka fare for cyberangrep i jula og kring nyttår, og oppfordra til auka beredskap på fridagene.

I løpet av høgtida er det blitt kjent at bedrifter som Nortura og Nordland fylkeskommune blei utsett for angrep i løpet av høgtida.

Mot slutten av fjoråret blei det kjent at Glamox var utsett for eit angrep, medan Hurtigruten sine datasystem gjekk i stå etter eit angrep før jul i 2020. Også NETT NO-redaktør Kjetil Haanes opplevde korleis det var å bli hacka, da e-post-kontoen hans i haust sendte ut tusenvis av mailer med spam.

Publisert: 05.01.2022 06:00

Sist oppdatert: 05.01.2022 08:27

Mer om