Ketchup-effekt for verfta
Norske skipsverft fekk oppdrag for over 10 milliardar i siste kvartal 2023. Det er meir enn i heile 2022.
Ved starten av mai 2023 hadde norske skipsverft berre inngått kontrakter for 3,8 milliardar kroner. Urovekkande lavt, sa administrerande direktør Asle B. Strønen i sal- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft.
I 2022 var ordreinngangen 6,6 milliardar, ned frå 9,3 milliardar kroner i 2021.
Dei samla oppdraga verfta hadde, var krympande.
Sterk avslutning på 2023
Men resten av året vart ein opptur for skipsbyggingsbransjen.
Ved utløpet av tredje kvartal var det offentlegjort 25 nybyggingskontrakter for tilsaman over 11 milliardar kroner. I løpet av fjerde kvartal har det kome til kontraktar for ytterlegare 10 fartøy, slik at samla ordreinngang i år er over 21 milliardar kroner, ifølgje Norske Skipsverft.
Fleire av ordrane er i marknaden der det er forhåpningar om ytterlgeare bestillingar. Det er optimisme i ein krevande marknad, skriv dagleg leiar Asle B. Strønen bransjeorganisasjonen i ein e-post til NETT NO.
Tre milliardkontrakter i desember
I år har også to av dei store skipsbyggingsselskapa, Ulstein Group og Vard, fått fleire nye oppdrag - og det hjelper på i statistikken.
Vard offentleggjorde tre milliardkontraktar berre i løpet av desember, to kabeleggingsfartøy og eitt kombinert kalballegging- og konstruksjonsskip.
Rekrutteringsutfordring
Konsekvensen av alle dei nye oppdraga er mellom anna at verfta treng fleire folk.
Tilgangen på arbeidskraft er jamt over utfordrande og lettare blei dei ikkje då regjeringa stramma inn på reglane for å leige inn folk, skriv Strønen i e-posten.
Ei ringerunde NETT NO gjorde til fleire av verfta i starten av desember 2023 viste at rekrutteringsarbeidet går på høggir. I Ulstein Group kunne HR-direktør Sølvi Gjerde fortelje at dei no har utlyst stillingar i alle sine norske selskapa. Det kan ho ikkje huske har skjedd før.
– Alle dei seks norske selskapa våre har utlyst stillingar nå, og vi ser ein trend med at fleire som har jobba i Ulstein tidlegare, no søker seg tilbake,sa ho.
Betre resultat
Framleis store underskot hos Vard gjorde at skipsverfta også i 2022 gjekk i minus samla sett.
Men bransjen betra lønsemda, også når Vard vart halde utanfor reknestykket. I 2020 gjekk 12 av selskapa i NETT NO si oversikt i minus. I 2021 var det ni og i 2022 var det åtte.
Vard har også greidd å redusere underskota, frå minus 1,8 milliardar kroner i resultat før skatt i 2020, til minus 424 millionar i 2022.
Publisert: 01.01.2024 05:00
Sist oppdatert: 01.01.2024 17:24