Vard direktoer Mager produktivitetsauke i skipsbygging
NEDTUR: Den maritime klynga på Nordvestlandet har 20.000 tilsette. Det er 5000 fleire på åtte år. Men dersom ikkje bransjen greier å omstille seg til meir standardisering og industriell tenkning kjem det til å gå unnabakke, åtvararar Vard-direktør Jan Emblemsvåg.
Nytt

Vard-direktør: - Mager produktivitetsauke i skipsbygging

Dersom den maritime klynga på Nordvestlandet skulle lage ei datamaskin ville den koste 100 millionar kroner. Standardiser eller forsvinn, spissformulerer Vard-direktør.

10.06.2014
- Dei siste 10 åra har produktivitetsauken i skipsbyggingsindustrien vore mager samanlikna med ei rekkje andre industriar, seier Jan Emblemsvåg.
Han er direktør for innovasjon og prossesleiing hos det største skipsbyggingskonsernet i Noreg, Vard Group, og ein av talarane på Møreklyngekonferansen i dag, tysdag 10.juni.

PC a la Nordvestlandet

Slik tenkjer han seg at bedriftene i den maritime klynga på Nordvestlandet ville gjort det dersom dei skulle bygge ei datamaskin:
- Vi ville sett oss ned og funne ut nøyaktig korleis kunden ville ha den. Så ville vil ha laga alt frå grunnen, frå skjerm og chassis, til prosessorar og operativsystem. Så hadde vi fått ein PC med ein del barnesjukdomar, men ved dyktig problemløysing så hadde vi fått det til, og alle ville vere fornøgde.
Den største ulempa er prisen.
- Hadde maritim klynge på Sunnmøre skulle bygd ein PC så er eg sikker på at den ville koste 100 millionar kroner, seier Emblemsvåg.
Den første berbare PC´en Emblemsvåg hadde kosta 50.000 kroner. No får han ein som er omlag 100 gongar kraftigare, for ein tiandepart av prisen. Dessverre har ikkje verftsindustrien greidd ei tilsvarande produktivitetsforbetring.

Må lære av andre

- No er det ikkje slik at ein kan vente same type forbetring i alle industriar, men at vi ikkje har noko å lære av den industrien som har dei mest standardiserte produkta og den høgaste innovasjonstakta er oppsiktsvekkande. I den maritime næring har vi kanskje klart nokre titals prosent forbetring. Kanskje på tide å tenkje nytt?, spør Emblemsvåg.
- Eg talar ikkje om å standardisere i asiatisk forstand – vi må være innovative og betre enn dei. Vi må sikre produktfleksibilitet, men utan å endre alt heile tida, seier han.

Alt for dyre skip

Emblemsvåg går på talarstolen i dag for å utfordre tílhøyrarane, og lovar å ikkje pakke bodskapen inn i bomull: Bransjen er prega av handverkstradisjonar, og ligg langt bak andre bransjar når det gjeld å industrialisering.
Det betyr enkelt og greit at det blir bygd alt for dyre skip.
Dette er ikkje verfta sitt verk, eller nokre enkeltaktørar. Emblemsvåg snakkar om den kombinerte effekten som tek til med spesifikasjonane frå oljeselskapa, offentlege styresmakter og heile verdikjeda attover.

Berebjelken i nordvest i fare

Dersom den maritime klynga på Nordvestlandet ikkje greier å omstille seg til standarisering og industri-tenking går det berre ein veg, nedover. Reparasjonsverft, nisjeleverandørar og liknande bedrifter blir att, men utan industrialisering vil volumet av oppdrag etterkvart fare ut av landet.
- Då trur eg det vil skje som med alle andre opp gjennom historia som ikkje tilpassar seg, dei vil forsvinne, seier Emblemsvåg.
Det er berebjelken i næringslivet på Nordvestlandet han snakkar om.
Det er over 20.000 sysselsette i den maritime klynga i Møre og Romsdal viser siste utgåve av Maritim klyngeanalyse, som blir utarbeidd av Møreforsking Molde. Det er 5000 fleire på åtte år. I alt er det snakk om over 200 bedrifter, med samla driftsinntekter på over 50 milliardar kroner.

Etterlyser diskusjon om organisering

Emblemsvåg ventar i spenning på den dagen vi får ein verftskonferanse utan snakk om produkt, men berre snakk om prosessar, system, leiing og kunde og mennesket i sentrum.
- Hugs på at den industrielle revolusjon hadde vel så store islag av innovasjon rundt prosessar, organisering, handsaming av folk, finansiering, etc. som dei velkjende tekniske innovasjonane, seier Emblemsvåg.

Økonomane let seg lure

Emblemsvåg meiner økonomane let seg lure av at driftsinntektene pr. tilsett hos aktørane har auka. Grunnen til det er ikkje at skipa blir bygde på ein meir effektiv måte, grunnen er at næringa gradvis har bevega seg mot dyrare og meir kompliserte skip i takt med marknaden.
- Det økonomane måler er ikkje produktivitet, men brutto nasjonalprodukt (BNP) pr. tilsett. Det vi har gjort for å auke konkurranseevna er ikkje å bli meir produktive, vi har berre gått opp i verdikjeda, seier Emblemsvåg.

Misvisande metode

Han kritiserer metoden for å måle produktivitet.
- Norske produktivitetstal er generelt sett lite meiningsfulle fordi metodikken bak er utvikla i land med ein stor økonomi med mykje industri, medan vi er ein olje-basert økonomi der BNP i stor grad følgjer oljemarknaden, og ikkje industriell produksjon. Kjøper eg eit meir eller mindre ferdig skip i utlandet, tek det heim, legge det til kaia, brukar 1000 timer på å forbetre det for levering, og leverer det, så har eg i nasjonaløkonomisk forstand vore enormt produktiv, seier Emblemsvåg.

Standarisering gir fleksibiltet

Det er ein myte at dagens måte å byggje skip på gir større fleksibilitet, meiner Emblemsvåg.
Rett nok er det i ein handverkstradisjon heile tida rom for å endre på planane undervegs under byggeprosessen, medan ein meir industriell produksjon med standardiserte delar og skip, betyr at produksjonen går etter ein fastare plan, med mindre rom for innfall undervegs.
- Vi har ein handverkstradisjon som er basert på flinke fagfolk i alle ledd. Dei har erfaring i korleis ting fungerer og veit kvar som skal gjerast, og så går det stort sett bra, seier Emblemsvåg.
Men når reknestykket skal gjerast opp er det likevel den industrielle tenkjemåten, med høg grad av standardisering som er mest fleksibel, meiner Emblemsvåg. Det er berre å samanlikne seg med den gjennomstandariserte bilindustrien.
- BMW kan handtere 1,3 millionar variantar (av bilen, red. merk) i sitt system. Til samanlikning er det 90.000 farty i verda Clarksons World Fleet register, seier han. (Clarksons er eit av verdas største skipsmeklar- og shipping-analyseselskap, red. merk).

Kostbar produksjon

Meir standardisering vil kutte kostnadane og betre kvaliteten på mange felt. Heile prosessen med sal, design, innkjøp, teikning, bygging, testing og godkjenning kan forbetrast kraftig.
Det må gjerast noko med heile tenkjemåten i bransjen, meiner Emblemsvåg.

Ekornes-modellen

I møbelbransjen blir det snakka om at den må lære av samspelet i den maritime klynga.
Emblemsvåg meiner den maritime klynga sjølv er alt for lite viljug til å sjå og lære frå andre industriar, og peikar mellom anna på den robotiserte produksjonen hos møbelkonsernet Ekornes.
Ekornes er og eit godt døme på kva standardisering i verdikjeda betyr i praksis. Då selskapet var nede for telling rundt 1990 hadde det heile sju ulike variantar av metallskjelettet inne i stolane. Med alle delane kvart skjelett var sett saman av vart det mange komponentar å halde orden på.
Ekornes kasta dei gamle skjeletta på dynga og bygde eitt nytt, som vart standard på alle stolane. Det var eit avgjerande trekk for å halvere produksjonstida pr. stol på kort tid, og på ny gjere Ekornes til eit lønsamt selskap.

Tvingar seg fram

Bilindustrien har blitt tvinga til å ei høg grad av standardisering og industrialisering for å auke produktiviteten, mellom anna på grunn av strenge tryggleikskrav, og for å forsvare dei høge kapitalkostnadane.
Medan det kostar om lag 25-30 milliardar kroner å byggje ein bilfabrikk kan du få eit verft for mellom 600 millionar og 1,2 milliardar kroner. Difor er ikkje presset for å auke produktiviteten like stor i skipbyggingsindustrien. Men ei standarisering og større grad av industrialisering vil tvinge seg fram, meiner Emblemsvåg.
- Når oljeselskapa ikkje lenger kan gå djupare eller lenger nord fase går dei inn i ei klassisk fase i industrisyklusen, som vil resultere i auka konkurranse, auka kostnadspress og konsolidering der det einaste svaret er industrialisering, seier han.
Det betyr at reiarlag, verft og leverandørar må omstille seg og levere rimelegare skip, for å henge med i konkurransen.
- Alle andre industriar har gått gjennom ei slik fase. Viss nokon med handa på hjartet trur at dette ikke vil skje her så er denne industrien faktisk heilt spesiell, eller så er dei naive. Rundt 1910 var det over 900 bilfabrikantar i USA. I dag er det 3. Oljeselskapa har allereie byrja på denne konsolideringsprosessen, og det same har mange andre i oljeindustrien. Det skal ikkje store fantasien til for å skjøne at neste ledd i kjeda er snart står for tur, seier Emblemsvåg.
Det økonomane måler er ikkje produktivitet

Publisert: 10.06.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:33