Vard halverer overskotet
TØFFARE TIDER: Konsernsjef Roy Reite i Vard ventar av 2015 blir eit tøft år.
Nytt

Vard halverer overskotet

For andre år på rad meir enn halverer Vard overskotet.

26.02.2015
Vanskar på verfta både i Brasil og Europa svekka lønsemda både i 2013 og 2014 for verftskonsernet Vard.

Selskapet som er børsnotert i Singapore og har det italienske Fincantieri-konsernet som største eigar, er den klart største verftsgrupperinga i Norge - og har både hovudkontor og tyngdepunktet sitt på Nordvestlandet.

Minus i tredje kvartal

I 2012 hadde Vard eit overskot på over 1,2 milliardar kroner og ein resultamargin (resultat før skatt i prosent av driftsinntektene) på over 11 prosent.

I 2013 var overskotet meir enn halvert, og i tredje kvartal 2014 gjekk Vard med 154 millionar kroner i underskot før skatt, og torde ikkje å love at selskapet skulle klare å kome attende i pluss i fjerde kvartal 2014 heller.

Tetta tapssluk

2014 enda med ei ny halvering av overskotet (sjå tabell), men fjerde kvartal 2014 gjekk betre enn selskapet frykta for litt over tre månadar sidan.
Driftsinntektene blei 4,5 milliardar kroner, mot 3,1 milliardar i fjerde kvartal i 2013. Resultatet før skatt blei 118 millionar kroner, mot 87 millionar i fjerde kvartal 2013.
Betringa i resultatet skuldast at selskapet har fått betre kontroll på prosjekt i Europa (skip som blir bygd i Romania og Noreg), prosjekt som tidlegare hadde store kostnadsoverskridingar.
Samstundes er det nedbemanning ved Niteroi-verftet i Brasil og aukande produktivitet ved Vard Promar, det andre og nyaste Vard-verftet i Brasil.

Ordreboka krympar

Ved utgangen av 2014 var ordreboka hos Vard 17,7 milliardar kroner, ned frå 20,1 milliardar kroner ved utgangen av tredje kvartal 2013.
Selskapet spår at 2015 blir eit tøft år, på grunn av prisfallet på olje. Det er framleis forespørslar om nybygg, spesielt skip som skal brukast til inspeksjon, vedlikehald og reparasjonar av oljeinstallasjonar, men generelt blir 2015 magert når det gjeld nye kontraktar.

Tapte første runde i skattetvist

Skattestyresmaktene i Brasil har retta eit krav mot Vard på 200 millionar kroner i samband med overføring av utstyr frå Noreg til Vard Niteroi i Brasil. Vard meiner det ikkje er grunnlag for kravet og har gått til sak.

Første runde i retten enda med nederlag, i følgje Vard si årsmelding for 2014. Vard tek saka vidare, og reknar med at neste runde i retten vil vere avklart innan seks til tolv månader. Også det utfallet kan ankast til ein tredje rettsinstans.

Kjem med kostnadskutt

Sjølv om ordreboka framleis er tjukk kjem verfta i Romania og Noreg til å få ledig kapasitet ut over i andre halvår i år dersom Vard ikkej greier å dra i land nye oppdrag.
Vard og storeigaren, den italienske skipsbyggarkonsernet Fincantieri prøver å få til eit tettare samarbeid. Det kan bety ein fordel i form av fleire oppdrag for Vard sitt dotterselskep Vard Elektro, men inneber og eit felles program for å kutte både faste og variable kostnadar.

Publisert: 26.02.2015 17:59

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:41