Ved halvårsskiftet var orderinngangen til Vard omlag den halve av kva den var i same periode i 2024, men etterpå har konsernet sikra seg fleire store kontraktar. Det går fram av kvartalsrapporten per 3. kvartal til Vard-eigar Fincantieri.
Les meir om kontraktane ved å klikke på lenker under saka
Forretningsområdet offshore og spesialskip i Fincantieri omfattar per i dag verksemda til Vard sine skipsverft, i Noreg og utlandet.
I årets ni første månadar er ordreinngangen til Vard-verfta berre 16 prosent lågare enn den var i same periode i fjor (sjå tabell under).
10 milliardar euro meir i ordreboka
Ordreboka til heile Fincantieri-konsernet er no svulma opp til 41 milliardar euro. Det er ein auke på 10 milliardar euro samanlikna med same tidspunkt i fjor.
Det er forretningsområdet skipsbygging som står for storparten av auken i ordreinngangen hittil i år.
Forretningsområdet skipsbygging omfattar verksemda som foregår på Fincantieri sine eigne verft, som mellom anna byggjer store cruiseskip og skip til forsvaret.
| Fincantieri-konsernet | ||
| Per 3. kvartal. I mill. Euro | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 6725 | 5583 |
| Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 461 | 328 |
| Ordreinngang | 16020 | 8504 |
| Ordrereserve | 40992 | 30978 |
| Forretningsområde skipsbygging | ||
| Per 3. kvartal. I mill. Euro | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 4885 | 3982 |
| Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 316 | 238 |
| Ordreinngang | 14558 | 6326 |
| Ordrereserve | 40992 | 30978 |
| Forretningsområde offshore og spesialskip* | ||
| Per 3. kvartal. I mill. Euro | 2025 | 2025 |
| Driftsinntekt | 1041 | 924 |
| Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda) | 57 | 47 |
| Ordreinngang | 964 | 1144 |
| Ordrereserve | 2093 | 2195 |
| * Frå og med 2023 er Vard-verfta i Romania rekna inn i dette forretningsområdet. |
Publisert: 12.11.2025 13:54
Sist oppdatert: 12.11.2025 22:03






