VARD 4 12 for North Star ill Vard
BLIR BYGD I VIETNAM: I løpet av 2024 skal alle desse fartøya vere bygd og i arbeid på vindparken på Doggerbank i Nordsjøen. Illustrasjon: Vard
Nytt

Vard-kontrakt til Vietnam-verftet

Vard sitt skipsverft i Vietnam skal bygge serviceskip fartøy nummer fire for vindkraftanlegg i Nordsjøen.

09.12.2021

Det er selskapet North Star Group i Storbritannia som no bestiller sitt fjerde spesialskip frå Vard for service og vedlikehald på vindkraftanlegget på Doggerbanken i Nordsjøen.

I april i år var kontrakten på dei tre første offentleggjort.

Skipa er teikna av Vard Design i Ålesund og Vard Electro skal levere ein stor utstyrspakke til fartøya. Bygginga av alle fartøya skal skje ved Vard sitt verft i Vietnam.

Dei tre første fartøya skal leverast i 2023, det fjerde i 2024.

Partane opplyser ikkje prisen på fartøya.

Skip nummer fire blir 78 meter langt og 19 meter breitt, med plass til 60 personar ei einmannslugarar.

Aberdeen-baserte North Star Group er tildelt kontrakt på på service og vedlikehald havvindparken Dogger Bank til ein verdi av kring 3,1 milliardar kroner, ifølge ei melding frå Equinor i mars i år.

Publisert: 09.12.2021 08:23

Sist oppdatert: 09.12.2021 08:24

Mer om