Vard skal bygge tre vindskip
Stadfestar designkontrakt - og bygger tre skip i Vietnam.
Vard stadfestar tysdag at tre serviceskip for vindkraft som North Star Renewables skal bygge, får design frå Vard.
Skipa skal også byggast ved Vard sitt verft i Vietnam.
NETT NO omtala før påske kontrakten som det Aberdeen-baserte selskapet blei tildelt frå Equinor, til ein verdi av kring 3,1 milliardar kroner. Dei tre skipa skal ut i arbeid på havvindparken Dogger Bank.
Les også
Administrerande direktør Matthew Gordon i North Star Renewables fortel i ei pressemelding at dei har jobba tett saman med Vard med å utvikle spesialskipa, og at designarbeidet oppfyller dei høgaste krava til funksjonalitet, komfort, tryggleik og berekraft.
Verdien på kontrakten for Vard blir ikkje opplyst.
Mykje Vard-utstyr om bord
Skipa vil få dieselelektrisk framdrift og batteriløysing om bord. Dei vil også ha avanserte gangvegar om bord med heis og trinnlaus gangveg til andre støttefartøy, i tillegg til ein 3D-kompensert kran for handtering av last.
Om bord blir det også ein rekke Seaq-løysingar frå Vard Electro i Tennfjord.
Det vil vere plass til mellom 60 og 78 personar på enkeltlugarar.
North Star Renewables har sikra seg 10-årskontrakter på havvindparken, som også inkluderer moglegheiter for lengre oppdrag. Dogger Bank-vindparken vil vere verdas største offshore vindpark når den står klar til bruk.
Skal leverast i 2023
Reiarsjef Gordon uttalar følgjande om den vidare prosessen i pressemeldinga:
«Det er spennende at disse designene nå skal over i byggefasen, og å fortsette den reisen med VARD er en naturlig forlengelse av vårt sterke samarbeid. Vi er sikre på at vi har en høykvalitets partner på design- og bygging som vil støtte oss i å bringe disse avanserte nye fartøyene ut i markedet.»
Skipa skal etter planen leverast 2023, blir det opplyst i pressemeldinga.
Publisert: 06.04.2021 08:31
Sist oppdatert: 10.05.2021 10:09