Vard north star renewables illustrasjon north star renewables 11
SERVICESKIP: Vard designer serviceskip til verdas største vindpark. Illustrasjon: North Star Renewables
Nytt

Milliardskip får design frå Vard

Britisk selskap skal bygge tre store serviceskip for vindkraft.

Marius Rosbach
17.03.2021

Tre serviceskip for vindkraft som North Star Renewables skal bygge, får design frå Vard.

Det Aberdeen-baserte selskapet er tildelt kontrakt på havvindparken Dogger Bank til ein verdi av kring 3,1 milliardar kroner, ifølge ei melding frå Equinor.

Batteripakkar om bord
Ifølgje nettstaden Rivieramm.com er det Vard-konsernet i Norge som har sikra seg designkontrakt på skipa. Designet blir av typen Vard 419 og alle skipa får batteripakke om bord.

NETT NO har ikkje fått stadfesta avtalen frå Vard i Norge.

Skipa vil ha eit system med lasting- og lossing frå sidene og det blir teke i bruk metodar for godshandtering frå luftfarten som inkluderer skanning- og sporingsteknologi.

Skipa skal etter planen leverast i juli 2023, og deretter i januar og juli 2024.

Verdas største
Dogger Bank blir den største havvindparken i verda når den står ferdig i 2026. Utbygginga skjer i tre fasar på 1,2 GW kvar.

Skipa skal gå på 10-årskontrakt, med moglegheit for forlenging på til saman tre år. Det er ikkje bestemt kvar skipa skal byggjast.

Teknikarane som skal vedlikehalde vindturbinane vil jobbe om bord i to veker av gongen kring 130 kilometer utanfor kysten av England. Kring 200 personar vil vere i arbeid for å drive vindparken.

Det er ikkje avgjort kvar skipa skal byggjast, men Vard kan vere ein aktuell kandidat.

Konsernet bygger alt frå cruiseskip, fiskebåtar og spesialskip - og satsar no meir mot fornybarmarknaden og skip til vindkraftindustrien til havs.

Vard har verft i Tomrefjord, Brattvåg og Søvika på Nordvestlandet - i tillegg til Romania, Brasil og Vietnam.

Publisert: 17.03.2021 10:58

Sist oppdatert: 17.03.2021 13:03

Mer om