Vard
OFFSHORE VIND: Rem Offshore satsar stort på spesialfartøy til offshore vind, og har bestilt to 85 meter lange spesialskip hos Vard. Det kan bli totalt fire skip. Skisse: Vard
Nytt

Vard med storkontrakt med Rem Offshore

Skal byggje to spesialskip for offshore vind for Fosnavåg-selskapet. Kan verte totalt fire skip.

06.08.2021

Kontrakten på dei to første skipa har ein verdi på 100 millionar euro, opplyser dei to selskapa i ei pressemelding fredag.

Første skipet skal leverast frå Vard i første halvdel av 2023.

Skipa vert 85 meter lange og 19,5 meter breie. Kvart skip vert innreidd for 120 personar.

- Banebrytande
Om bord vert det høgdejusterbar gangveg tilknytta heis for å kome seg frå skipet til offshoreinstallasjonane. Det vert også eit høgdejusterbart landingsystem for båtar og ei 2D kompensert kran.

Skipa er designa av Vard Design og er av Vard 4 19-design, eit design som vert karakterisert som banebrytande.

Skipa skal ferdigstillast i Norge, men det første skroget skal byggjast ved Vard sitt verft i Braila i Romania.

Skroget til skip nummer to skal byggjast ved Vard sitt vietnamesiske verft Vung Tau. Dette skipet skal leverast i 2024.

Støttar lokal industri
Styreleiar Åge Remøy i Rem Offshore seier i pressemeldinga at selskapet i dei siste åra har fokusert på å byggje opp ei plattform for ein berekraftig vekst i offshore vind.

- Våre aksjonærar driv denne utviklinga framover saman med Rem-kollegaer på land og til sjøs.

- Vi er stolte over å halde fram nybyggingsprogrammet i Norge og støtte den lokale maritime industrien.

Publisert: 06.08.2021 08:47

Sist oppdatert: 06.08.2021 09:04

Mer om