Nytt
Vard-sjef går av
Roy Reite sluttar i september.
04.06.2019
"Eg har på eige inititativ vald å fråtre mi stilling som administrerande direktør i Vard. Det har vore ei tøff avgjerd for meg, men eg meiner dette er rett tidspunkt for å tre til sides og gi stafettpinnen vidare til min etterfølgjar i Vard" skriv Roy Reite i ei pressemelding.
Reite har hatt sjefsjobben sidan 2001 og leiar Vard-konsernet både gjennom oljeoppturen og - nedturen. "Etter 18 år som sjef kan det vere sunt både for Vard og meg å gjere ei endring", skriv Reite i meldinga.
Dei siste åra har hovudmerksemda vore retta mot å vinne innpass i nye marknadar og samstundes gjenreise lønnsemda i Vard. I same tidsrom har Reite styrt Vard gjennom overgangen frå å vere eit børsnoterte selskap til å bli eit nesten heileigd datterselskap i det italienske Fincantieri-konsernet.
Vard har 1400 tilsette på Nordvestlandet, fordelt på fire verft, Vard Electro og og hovudkontoret - medrekna designavdeling. Konsernet har cirka 9000 tilsette i alt. I tillegg til Noreg har selskapet verft i Brasil, Romania og Vietnam.
Han takkar Reite for innsatsen og for at Reite no blir styremedlem i Vard, og skriv at Vard kjem til å auke satsinga inn mot teknologi-intensive marknadar. Vard skal vere Fincantieris "centre of exellence within marine technology" i følgje Ragni.
Vard-verfta i Romania og dei norske Vard-verfta som har spesialiserte seg på cruisefarty, blir heimehøyrande i eit eige forretningseining, "Vard cruise business unit". "Vard cruise business unit" høyrer heime i Fincantieri-forretningsområdet Skipsbygging, som er det største forretningsområdet i Fincantieri.
Dei andre verfta og prosjektleiinga for offshorefarty, spesialfarty (f.eks.fiskebåtar) og kystvaktfartya blir lagt inn under "Vard offshore & specialized vessel business unit", som blir ein del av offshore og spesialfarty-forretningsområdet.
Reite har hatt sjefsjobben sidan 2001 og leiar Vard-konsernet både gjennom oljeoppturen og - nedturen. "Etter 18 år som sjef kan det vere sunt både for Vard og meg å gjere ei endring", skriv Reite i meldinga.
Dei siste åra har hovudmerksemda vore retta mot å vinne innpass i nye marknadar og samstundes gjenreise lønnsemda i Vard. I same tidsrom har Reite styrt Vard gjennom overgangen frå å vere eit børsnoterte selskap til å bli eit nesten heileigd datterselskap i det italienske Fincantieri-konsernet.
Vard har 1400 tilsette på Nordvestlandet, fordelt på fire verft, Vard Electro og og hovudkontoret - medrekna designavdeling. Konsernet har cirka 9000 tilsette i alt. I tillegg til Noreg har selskapet verft i Brasil, Romania og Vietnam.
Starta jakta på etterfølgjar
Arbeidet med å finne ein etterfølgjar er i gang, skriv styreleiar Pier Francesco Ragni i Vard.Han takkar Reite for innsatsen og for at Reite no blir styremedlem i Vard, og skriv at Vard kjem til å auke satsinga inn mot teknologi-intensive marknadar. Vard skal vere Fincantieris "centre of exellence within marine technology" i følgje Ragni.
Delt i to
Etter at Fincantieri fekk full kontroll og Vard blei stroke frå notering frå Singaporebørsen i fjor haust har Fincantieri fullført planen om å innlemme Vard fullt og heilt i Fincantieri.Vard-verfta i Romania og dei norske Vard-verfta som har spesialiserte seg på cruisefarty, blir heimehøyrande i eit eige forretningseining, "Vard cruise business unit". "Vard cruise business unit" høyrer heime i Fincantieri-forretningsområdet Skipsbygging, som er det største forretningsområdet i Fincantieri.
Dei andre verfta og prosjektleiinga for offshorefarty, spesialfarty (f.eks.fiskebåtar) og kystvaktfartya blir lagt inn under "Vard offshore & specialized vessel business unit", som blir ein del av offshore og spesialfarty-forretningsområdet.
Minus på offshore
Forretningsområdet offshore & specialized vessel hadde eit negativt resultat før av- og nedskrivingar i første kvartal. Forretningområdet skipsbygging, som mellom omfattar cruisefartya som Vard byggjer, gjekk i pluss.Publisert: 04.06.2019 14:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35