Viking OCTANTIS  foto Vard
TIL HAVS: Cruisereiarlaget Viking bygde seg opp på elvecruise, men har dei seinare åra også satsa på cruise til havs. Viking Ocantis (biletet) er det første av to skip frå Vard, som er bygd for å kunne gå i polare strøk. Foto: Vard
Nytt

Vard-skip overlevert

Vard har overlevert det første av to cruiseskip til Torstein Hagens reiarlag.

23.12.2021

Viking Octantis blei overlevert frå Vard Søviknes onsdag. Skipet er 205 meter langt og 23,5 meter breitt, med plass til 378 passasjerer fordel på 189 lugarar.

Det er bygd for reiser i Arktis, Antarktis og dei dei store sjøane i Nord-Amerika.

4. april 2018 varsla Vard og cruise-reiarlaget Viking ein intensjonsavtale om å byggje to cruiseskip for til saman 4,5 milliardar kroner. Det blei til ein bindande avtale, og det er det første av dei to skipa som no er levert.

Publisert: 23.12.2021 10:12

Sist oppdatert: 26.01.2022 15:45

Mer om