Varslar lysare tider for smaakraft
BETRE TIDER: Stemninga i småkraftbransjen er blitt mykje betre i løpet av siste året. Kraftanalytikar Ole-Johnny Nesdal og krafthandelsjef Bengt Jostein Haugnes i Sogn og Fjordane Energi trur kraftprisen til bransjen vil halde seg på eig godt nivå i ein lengre periode.
Nytt

Varslar lysare tider for småkraft

Etter å ha passert botnen i 2016 er det lysare tider for småkraftverka.

29.09.2017
Kraftanalytikar Ole-Johnny Nesdal og krafthandelsjef Bengt Haugnes i i Sogn og Fjordane ventar ei klar og varig betring i kraftprisen småkraftverka kan inkasserer framover.
Snittet dei siste ti åra har vore cirka 30 øre pr. kWh, medan det på det verste - sett frå produsentane si side - låg nede på det halve.

Lang perioden med god pris

Neste åra trur Nesdal og Haugnes at summen av kraftpris og elsertifikatpris typisk blir mellom 30-40 øre for småkraftverk med elsertifikat.
- Det er grunn til å tru at ein kjem inn i ein periode med betre prisar, seier Nesdal.
Det er redusert kjernekraftproduksjon og høgare kolkraftprisar i Europa som har bidratt til prisløftet, medan forventingar om ytterlegare utfasing av både kjernekraft og kolkraft, kombinert med planar om fleire kraftkablar mellom Noreg og Europa/Storbritannia skaper optimisme for framtida.

El-sertifikat trekkjer ned

Prisløftet vil i første omgang ikkje kome heile småkraftbransjen til gode. Kraftverka som ikkje er omfatta av el-sertifikatordninga, får størst gevinst.
Løft i framtidig kraftpris kan delvis bli eliminert av lågare elsertifikatpris, slik at ein i sum kjem til ca 30-40 øre/kWh. Dei første åra er det stor uvisse rundt utviklinga i elsertifikatpris, men på lengre sikt vil ein nok måtte belage seg på ein relativt låg elsertifikatpris dersom kraftprisen blir høg. Dette fordi høge kraftprisar vil utløyste mykje ny produksjon, seier dei to.
El-sertifikatordinga er ei ordning som subsidierer kraftproduksjon, for å stimulere til utbygging av meir fornybar kraftproduksjon.

Ingen investeringboom

Dei siste åra er det berre dei mest lønsame småkraftprosjekta som er bygde ut.
Dersom prisane kjem mykje opp så vil nok ein del prosjekt bli vurdert på nytt, meiner Haugnes og Nesdal.
Det er grunn til å tru at ein kjem inn i ein periode med betre prisar

Publisert: 29.09.2017 06:00

Sist oppdatert: 02.02.2022 11:41

Mer om