Varslar ny havbruksmelding
Bransjeorganisasjon meiner viktige avklaringar for næringa og leverandørane ikkje kan vente på at regjeringa skal lage ferdig ei stortingsmelding.
NPK/NETT NO: Regjeringa vil legga fram ei ny stortingsmelding om havbruk der dei tek føre seg heile systemet for løyve til å drive oppdrett.
- Det er behov for ein grundig gjennomgang av alle dei ulike løyvingane for havbruk. Målet er at vi skal få på plass eit meir heilskapeleg system som sikrar ei berekraftig utvikling og som bidreg til å skapa verdiar langs kysten, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap).
Havbruksutvalet leverte utgreiinga si i september 2023, og havbruksmeldinga skal bygge vidare på det arbeidet. Høyringsfristen er 2. januar 2024.
To tankar i hovudet
Direktør for Havbruk i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Sjømat Norge, Jon Arne Grøttum, ber regjeringa ha to tankar i hovudet på same tid.
Det er bra med ei havbruksmelding, mellom anna for å forbetre og samordne forvaltningssystemet, men samstundes er det framlegg frå Havbruksutvalet som bør innførast så snart som råd.
Det gjeld mellom anna tiltak for å redusere problem med lakseslus og tiltak for betre fiskehelse, og kanskje aller viktigast, å få på plass ein ordning for å stimulerer til miljøvennleg teknologiutvikling.
Belønning for betre anlegg
Ei miljøteknologiordning, der oppdrettarar som tek i bruk meir miljøvennleg teknologi kan få ei belønning i form av at dei får løyve til utvida produksjon i bytte, er veldig viktig, seier Grøttum.
- Det gjer det råd for oss å ta i bruk areal der det er heilt uaktuelt å drive oppdrett i dag, seier han.
Det vil og vere viktig i arbeidet for å halde problema med lakselus nede, og ikkje minst for å utløyse investeringar som vil gi leverandørindustrien til oppdrettsnæringa nye oppdrag, ifølgje Grøttum. Då Ap/Sp-regjeringa varsla at den ville innføre grunnrenteskatt på oppdrettsnæring førte det til ein ordretørke som har vart ved sidan.
Ti år sidan sist
- Havbruksutvalet har gjort ein grundig gjennomgang av løyvingssystemet i oppdrettsnæringa. Vi skal følgja opp utgreiinga og høyringsinnspela når vi tek fatt på arbeidet med ei ny melding, seier fiskeri- og havminister Myrseth.
Det er om lag ti år sidan den førre havbruksmeldinga blei lagd fram for Stortinget. Myrseth meiner at det er på høg tid at ein ny gjennomgang finn stad.
Publisert: 06.12.2023 14:17
Sist oppdatert: 08.12.2023 10:06