20220608 125325
HORISONT: Rita Sævik er storleg fornøgd med Horisont, det nye næringsbygget på 2.800 kvadratmeter, rett ved skipsleia. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

- Vart endå betre enn eg trudde

Rita Sævik lovar stor aktivitet framover i det nye næringsbygget Horisont.

09.06.2022

- Ja, her vert det ei lang rekke arrangement, i tillegg til kunstutstillingar med nokre av norges mest kjende kunstnarar.

- Eigentleg vart dette betre enn eg trudde.

Det seier den daglege leiaren i reiarlaget Ervik & Sævik som står bak satsinga på Mjølstaneset i Herøy.

Horisont ligg ved sjøkanten, rett ved sidan av Havila-bygget Diamanten.

- Målet er at vi på sikt kan få til eit samarbeid, til felles beste, seier Rita Sævik.

Titals leigetakarar
Rundt 120 millionar kroner kostar bygget, som er over 2.800 kvadratmeter over to etasjar.

Sævik er ikkje redd for økonomien i prosjektet.

- Nei, denne satsinga skal gå i balanse etter fem år.

I tillegg til reiarlaget Ervik & Sævik, som har ringnotfartøyet Christina E, skal det inn eit titals leigetakarar.

Blant anna er Atea og Polar Seafrozen på veg inn, det same med Corvus Energy.

Rita galleri 2
KUNST: Business og kunst for Rita Sævik. Her med to skulpturar av Nico Widerberg. Frå taket heng 'Stuparen'. Foto: Kjetil Haanes

God kaféstart
Sentralt i byggen er kaféen Black & Gold, som Hareid-paret Karolina Lenart og Arkadiusz Tchorek står bak.

Dei har fått ein god start.

- På 17. mai var her heilt fullt, og sist søndag vart det servert 74 middagsrettar.

Totalt kan ein servere opp mot 170 gjestar. I tillegg er det kantine for dei tilsette. Kaféen kan også levere mat.

I kaféen og i lokala rundt er det ei rekke kunstverk frå Ervik & Sævik si samling.

- Også på toaletta er det kunst. Det har mange fått med seg.

Målet er å gjere å gjere øysamfunnet her ute til ein meir attraktiv stad å bu i og kome til
Rita Sævik

Magne Furuholmen startar
I eine enden av bygget er det også eit kunstgalleri på 180 kvadratmeter, der Magne Furuholmen er første utstillar.

- Han stiller ut frå og med komande torsdag, seier Rita Sævik.

Ho håpar på mykje liv og røre i og rundt bygget.

- Når dei nye kaiene kjem på plass, vert dette ein ideell plass å stoppe både for passasjerar på kystruten og andre fartøy som legg til her.

Meir attraktivt
Ho seier at det har vore ein lang kamp for å få alt på plass.

- Ja, det har også vore ein del motstand undervegs, men no er det meste på plass.

- Målet er å gjere å gjere øysamfunnet her ute til ein meir attraktiv stad å bu i og kome til.

Publisert: 09.06.2022 15:30

Sist oppdatert: 09.06.2022 15:25

Mer om