Vartdal Plast får fabrikk nummer seks
Blir majoritetseigar i fiskekassefabrikk i Steigen.
Vartdal Plast-konsernet kjøper 65 prosent av aksjane i Løvold Industri Steigen, ved oppdrettselskapet Cermaq sitt slakteri i Steigen i Nordland, og tek også over drifta av fiskekassefabrikken.
Partane opplyser ikkje prisen på aksjane. Løvoll Industri Steigen hadde 39 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 2,5 millionar kroner i 2020.
Vartdal Plast kjøpte i 2018 aksjemajoriteten i Løvold Industri i Bodø. Den tidlegare majoritetseigaren i Løvold Industri eigde også aksjemajoriteten i Løvold Industri Steigen, med Cermaq som medeigar. Cermaq kjøpte han ut og har no seld aksjemajoriteten til Vartdal Plast.
Landsdekkande
Fabrikken i Steigen har ti tilsette og heile konsernet har no mellom 250 og 260 tilsette, seier administrerande direktør og medeigar Jan Endre Vartdal.
Konsernet har no seks fabrikkar; i Steigen, Bodø, på Vartdal, Biri, Ualand og Hjelmeland og produserer både fiskekasser, annan emballasje og byggisolasjon.
Med fabrikken i Steigen har selskapet fått ein fabrikkstruktur som gjer det landsdekkande, etter Vartdal si vurdering.
Resirkulering
Vartdal Plast-konsernet har dei siste åra markert seg med satsing på resirkulering av isolasjonsmaterialet det brukar i produkta sine, og lansert nyleg eit samarbeid med det tyske kjemikonsernet Basf som utvidar bruksområdet for resirkulert materiale.
Les også
Cermaq anslår i følgje ei pressemelding at bruk av resirkulert materiale i fiskekassene kan halvere utsleppa av CO2 frå produksjonen av fiskekassene selskapet brukar.
Publisert: 19.01.2022 10:33
Sist oppdatert: 19.01.2022 10:34