Nytt

Vedtok at Kinn skal bestå

Berre 18 av 39 i kommunestyret stemte for å skilje lag.

07.09.2022

(NPK-NTB): Det vart fleirtal i Kinns kommunestyre for ikkje å dele kommunen i to. Det er i tråd med folkeavstemminga, der det også vart fleirtal for å la Kinn bestå.

Dei to kommunane vart frivillig slått saman i 2020. Kinn har vorte omtalt som «Noregs raraste kommune». Flora og Vågsøy deler ikkje kommunegrense, men ligg på kvar si side av Bremanger – som ikkje ønskte å bli slått saman med naboane.

I folkeavstemminga stemde 3.427 personar for oppløysing, medan 3.471 stemde for at kommunen skal haldase oppe, viser oppteljinga frå Kinn kommune. I prosent blir det eit knapt fleirtal på 49,14 prosent mot 48,52 prosent. Valdeltakinga var også relativt låg.

Kinn kommunestyre fekk siste ord i saka, og dermed består «Noregs raraste kommune». Berre 18 av 39 representantar ønskte å dele kommunen. Eit tredje forslag vart fremja under møtet og gjekk ut på å la avgjerda bli teke av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, men dette fallet.

Det lokale Senterpartiet håpar Stortinget vil overprøve vedtaket i kommunestyret.

– Vi blir overkøyrde for all framtid. Det er betre å skiljast no enn å vente til ein blir bitre fiendar, sa Sps Fredrik Egeberg, ifølgje NRK.

Vedtaket blir no oversendt som ei innstilling til statsforvaltar i Vestland, Liv Signe Navarsete. Saka skal også handterast av kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Publisert: 07.09.2022 17:32

Sist oppdatert: 07.09.2022 17:43

Mer om