Trygve Slagsvold Vedum foto Ole Berg Rusten
BUDSJETT: Laurdag møtest regjeringa til budsjettkonferanse. – Vi skal gjere grep som både får ned sosiale og geografiske forskjellar, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp). Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

Varslar tydelege skattegrep i budsjettet

Finansminister Vedum (Sp) varslar tydelege grep på skatt og avgifter allereie neste år, trass i kort tidsfrist med budsjettet.

29.10.2021

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): – Vi kjem til å ha ein heilt annan fordelingsprofil. Tener du under 750.000 kroner, vil du oppleve at dei skattemessige grepa og dei avgiftsgrepa vi gjer, skal gjere kvardagen enklare, seier Vedum til NTB.

Laurdag møtest den nye regjeringa til den første budsjettkonferansen sin, altså for å diskutere neste års statsbudsjett.

– Det vil alltid vere enkeltpostar som ein diskuterer om skal opp eller ned. Men retninga blir veldig tydeleg, det er korleis vi skal prioritere dei som har vanlege inntekter heilt opp til 750.000 kroner. Det er kanskje der hovudløftet skal komme, seier Vedum.

– Ned med forskjellar
Finansministeren trekkjer òg fram styrking av lokal velferd som eit satsingsområde i budsjettet.

– Det handlar om at folk skal ha tryggleik rundt seg, og grunnleggjande tenester i nærmiljøet, som skular, barnehagar og sjukeheimar, seier han.

Og legg til:

– Det blir ei heilt anna retning. Vi skal gjere grep som både får ned sosiale forskjellar og geografiske forskjellar.

Kort tid
Allereie 8. november skal regjeringa presentere kva endringar dei gjer i budsjettforslaget som Solberg-regjeringa la fram 12. oktober.

Både Vedum og Ap-leiar Jonas Gahr Støre har tidlegare understreka at det er avgrensa kor store omveltingar dei rekk å gjere på så kort tid, men Vedum er tydeleg på at folk kjem til å merke det.

– Dette er jo det budsjettet ein har kortast tid på, berre nokre veker. Så vi får ikkje endra alt, men kursen kjem til å vere heilt tydeleg, også når det gjeld det å styrkje tenester nær folk, seier han.

Løyndomsfull om elavgift
I Hurdalsplattforma har Ap-Sp-regjeringa lova å halde det samla skatte- og avgiftsnivået uendra. I tillegg vil dei kutte avgifter som elavgift og drivstoffavgifter, noko som har vorte spesielt aktuelt med dei høge straumprisane no.

Vedum vil ikkje røpe om det kjem meir kutt i elavgifta enn dei 1,5 øra Solberg-regjeringa la opp til i budsjettet sitt.

– Vi får sjå. Målet er å gjere det enklare for folk, men enkeltpostane får komme i budsjettet, seier han.

Det handlar om at folk skal ha tryggleik rundt seg, og grunnleggjande tenester i nærmiljøet, som skular, barnehagar og sjukeheimar
Trygve Slagsvold Vedum

– Enorme eksportinntekter
Samtidig som dyr straum skaper hovudbry for norske forbrukarar, sørgjer høge olje- og gassprisar for solide inntekter i statskassa.

– Vi har enorme eksportinntekter av olje- og gass. Samanliknar ein med for eitt år sidan, så er det jo ei heilt anna inntening, seier finansministeren.

Det meiner han kjem alle som bur i Noreg til gode.

– Det gjer ikkje minst at folk kan komme seg i arbeid. Slik økonomien ser ut no, så vil arbeidsløyse og det som verkeleg skaper problem, sannsynlegvis gå ned.

Minner om handlingsregelen
Men større inntekter frå olje og gass betyr ikkje nødvendigvis at Ap-Sp-regjeringa vil bruke meir enn dei 322,4 milliardar kronene i oljepengar som Solberg-regjeringa la opp til neste år.

– Vi veit jo at det går opp og ned. Det er derfor vi har den fine ordninga med Oljefondet, at vi ikkje kan ha veldig mykje høgare offentlege utgifter berre fordi olje- og gassprisen går opp. Det skal jo vere stabilitet over tid som gir tryggleik for folk og næringsliv, seier Vedum, og viser til handlingsregelen.

Etter at regjeringsforslaget til endringar i statsbudsjettet blir lagt fram 8. november, skal dei forhandle med SV for å sikre fleirtal til forslaget.

Publisert: 29.10.2021 09:09

Sist oppdatert: 29.10.2021 09:15

Mer om