Henning Veibust ombord på Havskjer foto Ogne
NYBYGG: Henning Veibust eig og driv Veibust Fiskeriselskap som i dag offentleggjer ei nybyggungskontrakt til 375 millionar kroner. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Veibust byggjer nytt

Henning Veibust har bestilt ny båt frå Karstensens Skibsværft.

01.03.2022

I fjor fekk Veibust overlevert den nye "Havskjer" frå Karstensens Skibsværft i Danmark. I samband med dåpen sa Veibust at han skulle ha eitt skip til, og at nybygg var eit alternativ.

I ei pressemelding i dag fortel Havfisk AS og Karstensens Skibsværft at dei har inngått ein kontrakt om design og bygging av ein 75,10 m kombinert snurpar/trålar. Fartøyet skal leverast i februar 2024 og prisen er 375 millionar kroner.

Havfisk er eit datterselskap i Veibust Fiskeriselskap i Ålesund, som er eigd av Henning Veibust. Den nye båten skal også heite "Havfisk".

Med nybygget har reiarlaget tre fiskefartøy, der det eldste er frå 2009. Med den nye båten meiner Veibust at reiarlaget har ein flåte som vil duge i mange år framover.

- Vi har ein veldig god flåte, seier han til NETT NO.

Inntil nybygget er levert er planen å fiske Veibust Fiskeriselskap sine kvotar med to fartøy.

Selde fartøy ifjor
I fjor haust selde selskapet sitt eldste, bygd i 2000, til eit færøyisk selskap Salet skjedde til "ein god pris" ifølgje Veibust. Den nye skipet som no er bestilt skal erstatte fiskebåten som er seld.

Veibust Fiskeriselskap har tre ringnotkonsesjonar og trålkonsesjonar for kolmule og vassild.

Karmøy Winch skal levere vinsjanlegget og Wartsila motorar. Brunvoll (sidepropellar), Nogva (hjelpemotorar), PTG Frio Nordica (kjøleanlegg for fisken) og C-Flow (vakumpumpeanlegg), står også på leverandørlista, ifølgje pressemeldinga.

16 pelagiske fiskebåtar
Karstensens Skibsværft har no 16 pelagiske fiskefartøy i ordreboka, ifølgje pressemeldinga. Sild, makrell, kolmule og lodde er viktige pelagiske fiskeslag.

På kundelista til Karstensens Skibsværft står fiskebåtreiarar i Noreg, Island, Skottland og Danmark. Dei 16 skipa som er bestilt skal leverast i løpet av dei komande tre åra.

Prisauke
"Havskjer", som blei overlevert i fjor kosta i overkant av 300 millionar kroner. Nybygget, som er fem meter kortare, men ellers svært likt, kostar 375 millionar kroner.

Forklaringa på prisskilnaden er ein generell prisauke, der material og utstyr er blitt dyrare sidan førre skip blei bestilt, ifølgje Veibust.

Publisert: 01.03.2022 10:38

Sist oppdatert: 01.03.2022 11:48

Mer om