M 400 A Havskjer 01 1
OPEN BÅT: Laurdag formiddag blir det open båt ombord på ringnot- og trålfartøyet Havskjer i Ålesund. Foto: Veibust Fiskeriselskap.
Nytt

Veibust døyper båt og ser etter ny

Har seld eitt fartøy til Færøyane. Inviterer til open båt i Ålesund laurdag.

11.11.2021

Sterkt kororonaforseinka blir det dåp av Veibust Fiskeriselskap sin nyaste båt, Havskjer.

Fartøyet blei overtatt og sett i fiske tidleg i 2021, men smitteverntiltak gjorde at dåpen, og ikkje minst besøk ombord, måtte utsettast.

Laurdag ettermiddag blir det omsider dåp i ved Storneskaia i Ålesund sentrum, og open båt frå klokka 10.


Fv Knut Degn Karstensen H Enning Veibust Kent Damgaard Karstensen Skipbsværft foto ogne
AVTALE: Fiskebåtreiar Henning Veibust flankert av Knud Degn Karstensen og Kent Damgaard frå Karstensen Skibsværft då avtalen om å bygge nye Havskjer blei signert i 2018. Foto: Ogne Øyehaug

Seld til Færøyane
Veibust Fiskeriselskap har tre ringnotkonsesjonar og trålkonsesjonar for kolmule og vassild.

Inntil denne veka hadde reiarlaget også tre fartøy. No er det eldste fartøyet, bygd i 2000, seld og overlevert til eit færøyisk selskap, til "ein god pris" ifølgje eigar og dagleg leiar Henning Veibust.

Båten som er seld heitte opphavleg Havskjer, men vart døypt om til Havstål då nye Havskjer kom frå Karstensens Skibsvært i Danmark.

Ny båt
Henning Veibust seier den selde båten skal erstattast med ein ny.

Eit nybygg er eit alternativ, men helst vil Veibust sjå etter ein nyare brukt båt, og satsar på å ha sikre seg ein ny båt i løpet av første halvår 2022.

Publisert: 11.11.2021 14:47

Sist oppdatert: 01.03.2022 11:44

Mer om