Veks med miljoevennleg botnstoff
MILJØVENNLEG: Herøy-selskapet Westing meiner det burde vore strengare krav til bruk av botnstoff.  Frå venstre: salssjef Steinar Nupen, teknisk inspektør Steinar Lekanger i Torghatten Nord og Terje Knutsen som er «senior technical supervisor»  i Westing. 
Nytt

Veks med miljøvennleg botnstoff

Målingsleverandøren Westing i Herøy fekk eit meir krevjande år enn venta, men trur 2021 kan gi nye rekordar.

Marius Rosbach
22.12.2020
Målingsleverandøren Westing i Herøy har auka omsetninga med meir enn 50 prosent sidan 2015, og ser optimistisk på det komande året.
Styreleiar og eigar Sigurd Teige fortel at 2020 blei eit meir krevjande år enn dei hadde sett føre seg. Det meste låg til rette for at det skulle blir eit år med rekordhøge inntekter og vekst i lønnsemda. Men det var før koronapandemien slo til.
– Denne pandemien har forskyve mange prosjekt, så både omsetning og resultat blir lågare enn vi håpa på, seier han til NETT NO om året som snart er slutt.

Salsgevinst ga rekordhøgt overskot

På papiret blei 2019 eit rekordår med 74 millionar i omsetning og 7,4 millionar i resultat før skatt. Teige påpeiker at ein betydeleg del av overskottet – 6,8 millionar ifølgje årsrapporten – kom frå sal av eit lagerbygg og tomt.
Det komande året satsar Teige på at dei vil levere betra lønnsemd.
– Vi har opplevd ei betydeleg auke i etterspurnaden mot slutten av året. Ut frå budsjettet i 2021 er vi optimistiske og trur det kan ligge an til eit rekordår neste år, fortel han.

Botnstoff utan miljøgifter

Målingsleverandøren måtte for nokre år tilbake legge om drifta etter at dei mista ein viktig leverandøravtale. I fjor , etter å ha gått over til Akzo Nobel Coatings.
Westing er eksklusiv representant i Norge for marineverksemda til det nederlandske selskapet. Eitt av vekstområda er botnstoffet Intersleek, som ikkje inneheld miljøgifter. Mellom anna landets største ferjereiarlag Norled, Fjord1, og Torghatten Nord har alle teke i bruk botnstoffet på fleire av sine ferjer.
– Det har vorte veldig populært. Vi har hatt ei auka etterspurnad på det produktet, og det er har blitt ein markert inntektskjelde, fortel Teige.

Meiner krava bør skjerpast

Herøy-bedrifta påpeiker at naturen kunne vore spart for mange tonn miljøgifter, om alle fleire hadde teke i bruk botnstoffet.
– Styresmaktene stiller strenge krav til låg- og nullutslepp knytt til framdriftssystema på skip, men i dag blir det ikkje tatt skikkeleg høgde for det som skjer under vatn – og konsekvensane av det, uttaler salssjef Steinar Nupen i Westing i ei pressemelding selskapet sendte ut før helga.
Ifølgje Westing sine anslag kunne miljøet vore for kring 800 tonn miljøgifter i løpet av ein ti-årsperiode, om deira produkt blei teke i bruk av heile den norske ferjeflåten.

– Fungerer svært bra på ferjer

Utsleppa har gått ned etter at miljøgifta TBT som i mange tiår forureina langs kysten, blei forbode. Men konvensjonelle botnstoff slipp framleis ut miljøgifter ved at dei baserer seg på ein poleringseffekt som frigjer giftstoff til sjøen.
Salssjef Nupen fortel at fleire av dei nye elektriske ferjene som er under bygging, har deira produkt som ein del av spesifikasjonane.
– Vi pushar det ikkje på ein kvar type fartøy, men botnstoffet er ultraglatt og fungerer svært bra på ferjer, og det driftsmønsteret dei har, uttalar han.

Gir lågare drivstoffutgifter

Intersleek eit dyrare produkt, enn alternativa, men Westing påpeikar at det også har fleire fordelar. Berekningar viser mindre groe ved bruk av desse produkta, som fører til betydeleg lågare bruk av drivstoff. Groe under skroga, aukar motstanden under seglasen.
Norled sine tidlegare erfaringar med elferja Ampere, viste at energiforbruket først auka med 20 prosent på grunn av groe på aluminiumsskroget. Etter at dei tok i bruk Westing sine produkt fekk dei bukt med groe-problematikken, - og ei energiinnsparing på ti prosent samanlikna med då ferja var ny.
Det blir også mindre behov for å dokke fartøya. Reiarlaget har opplyst at dei truleg kan klare seg med å dokke fartøya kvart femte år, for å følgje klassekrav – medan dei tidlegare hadde behov for å gå å dokk kvart andre eller tredje år. Slik operasjonar er kostbare for reiarlaga mellom anna fordi erstatningsfartøy må inn i sambanda til ferjene som er til vedlikehald.

Les også:



Publisert: 22.12.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09