Ovun - tidlegare Partnerplast - auka inntektene med nesten 40 prosent i fjor. Resultatet i høve til inntektene steig frå 8,3 til 10 prosent.
Ovun slo saman to selskap i samband med namneskiftet, men den veksten som kjem fram i rekneskapen (sjå tabell) er rein organisk vekst, seier administrerande direktør Jan Møllerhaug i Ovun.
Veksten held fram i år, og selskapet budsjetterer både med ytterlegare vekst og auka lønsemd i år, ifølgje Møllerhaug.
Endra portefølje
Åndalsnesselskapet skifta namn i fjor, både av marknadsføringsomsyn og for å gjenspegle endra produktportefølje.
– "PartnerPlast" på engelsk fungerte ikkje så godt. Vidare så stamma namnet PartnerPlast frå den tida vi i all hovedsak produserte andre sine produkt - i plast. I dag har vi hovudvekt av eigne produkt, og har mykje meir enn plast. Det tidligare namnet blei difor opplevd som begrensande av oss, sa Møllehaug til Nett No tidlegare i år.
| Ovun as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 211,9 | 153,6 |
| Driftsresultat | 23,0 | 15,7 |
| Resultat før skatt | 21,1 | 12,8 |
Investeringsfond størst
Ovun er eigd av selskapet Ovun Holding, som har fire eigarar ifølgje databasen proff.no; Investinor Direkte as (49 prosent), Salvesen og Thams Invest as (25 prosent), Norsk Mineral as (22,118 prosent) og Oskar Sylte Invest as (3,882 prosent).
Investinor Direkte er eigd av statseigde Investinor, Salvesen og Thams Invest har Witzøe-familiens investeringselskap som største eigar og Norsk Mineral har Steinsvik-familien som storaksjonær.
Publisert: 20.05.2025 09:24
Sist oppdatert: 20.05.2025 09:24






