Vekst i bustadlån
Sparebank1 Søre Sunnmøre aukar i bustadmarknaden.
Banken sine utlån til privatkundar - som først og fremst betyr utlån med pant i bustad - har auke med 7,3 prosent den siste 12-månadarsperioden.
"Dette er 2,3 prosentpoeng over den nasjonale kredittveksten. Banken tek dermed marknadsandelar i form av utlånsvolum og tinglyste pant i marknadsområdet", skriv banken i kvartalsrapporten for 1. kvartal.
Utlåna til bedrifter har auka med 3,3 prosent i siste 12-månadarsperiode.
Nedgang i totale inntekter (sjå tabell) skuldast lågare resultat frå SpareBank 1 Gruppen i 1. kvartal 2022 og at banken i same periode i fjor hadde ein gevinst knytt til nedsal i eigarpost i Samarbeidende Sparebanker AS.
Sparebank1 Søre Sunnmøre | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Inntekter | 66,0 | 76,9 |
Resultat før tap | 32,9 | 45,7 |
Resultat før skatt | 22,5 | 43,3 |
Publisert: 11.05.2022 11:25
Sist oppdatert: 11.05.2022 12:19