Knapt med folk kan drive lønene opp
Fleire bedrifter har utfordringar med å rekruttere og Sparebank 1 Søre Sunnmøre trur det kan bli lønsdrivande.
Sparebank 1 Søre Sunnmøre leverer eit 3. kvartalsresultat med små tap , og med utlånsvekst både til private og bedrifter. Banken trur på gode tider framover.
- Næringslivet har positive utsikter og ventar oppgang i produksjon, investeringar og sysselsetting, noko som er godt nytt for regionen vår, seier administrerande direktør Stig Brautaset i Sparebank 1 Søre Sunnmøre i kvartalsrapporten.
Konkurranse om arbeidskrafta
Veksten slår også ut i større konkurrranse om arbeidskrafta. Mange bedrifter opplever at det er blitt tyngre å rekruttere etterkvart som arbeidsløysa fell.
De kan drive lønene oppover ifølgje styret si vurdering:
"Behovet for å sysselsette aukar samstundes som ein ser
kapasitetsproblem og knappheit på arbeidskraft. Dette
kan vere lønsdrivande for regionen." , heiter det i kvartalsrapporten.
Sparebank 1 Søre Sunnmøre | ||
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Inntekter | 232,2 | 219,4 |
Resultat før tap | 135,4 | 126,2 |
Resultat før skatt | 130,5 | 109,5 |
Sparebank 1 Søre Sunnmøre | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Inntekter | 87,5 | 70,7 |
Resultat før tap | 53,2 | 41,4 |
Resultat før skatt | 54,1 | 31,8 |
Publisert: 05.11.2021 09:31
Sist oppdatert: 05.11.2021 09:47