Stranda Stålindustri hadde det neste høgaste driftsinntekta selskapet har hatt i fjor, og ligg an til eit like godt år i 2021.
Dagleg leiar og medeigar Gunnar Berge anslår at omlag 75 prosent av inntektene til Stranda Stålindustri er til næringsmiddelbransjen, med utstyrsleverandørar til fiskeri- og oppdrettsbransjen som dei største kundane.
Skreddarsaum
Selskapet sysselset 11 årsverk og lagar stålkonstruksjonar og -produkt som blir laga spesielt for kvar einskild kunde.
I fjor var Berge uviss på korleis koronapeidemien ville slå ut for dei. I dag, når det ser ut som om epidemien kan nærme seg slutten, kan han konstantere at selskapet har hatt nok å gjere, og ikkje blei negativt råka.
Les også
Stranda Stålindustri as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 31,6 | 26,9 |
Driftsresultat | 4,8 | 3,0 |
Resultat før skatt | 4,6 | 3,1 |
Selskapet arbeider med eit kort horisont, seier Berge, men så langt i år ligg det an til at 2021 blir omlag som 2020.
Stranda Stålindustri er eigd 35 prosent kvar av Gunnar og Martin Berge, medan Bjørnar Engeset eig 30 prosent.
Publisert: 02.06.2021 11:59
Sist oppdatert: 02.06.2021 12:04