Stranda Stålindustri foto Stranda Stålindustri
FISK OG OPPDRETT: Omlag 75 prosent av inntektene til Stranda Stålindustri er til næringsmiddelbransjen, med utstyrsleverandørar til fiskeri- og oppdrettsbransjen som dei største kundane. Foto: Stranda Stålindustri
Nytt

Vekst i koronaåret

Næringsmiddelbedriftene slutta ikkje å investere i koronaåret. Det fekk Stranda Stålindustri glede av.

02.06.2021

Stranda Stålindustri hadde det neste høgaste driftsinntekta selskapet har hatt i fjor, og ligg an til eit like godt år i 2021.

Dagleg leiar og medeigar Gunnar Berge anslår at omlag 75 prosent av inntektene til Stranda Stålindustri er til næringsmiddelbransjen, med utstyrsleverandørar til fiskeri- og oppdrettsbransjen som dei største kundane.

Skreddarsaum
Selskapet sysselset 11 årsverk og lagar stålkonstruksjonar og -produkt som blir laga spesielt for kvar einskild kunde.

I fjor var Berge uviss på korleis koronapeidemien ville slå ut for dei. I dag, når det ser ut som om epidemien kan nærme seg slutten, kan han konstantere at selskapet har hatt nok å gjere, og ikkje blei negativt råka.

Stranda Stålindustri as

Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter31,626,9
Driftsresultat4,83,0
Resultat før skatt4,63,1

Selskapet arbeider med eit kort horisont, seier Berge, men så langt i år ligg det an til at 2021 blir omlag som 2020.

Stranda Stålindustri er eigd 35 prosent kvar av Gunnar og Martin Berge, medan Bjørnar Engeset eig 30 prosent.

Publisert: 02.06.2021 11:59

Sist oppdatert: 02.06.2021 12:04