Kristine Landmark foto Ogne
NY STYRELEIAR I L K Hjelle: - I og med at Hjelle no har fått inn ny kapital og hadde eit godt 2020 så er det ei god plattform for vekst og utvikling, seier Landmark. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ny møbelsatsing for Kristine Landmark

Kristine Landmark var sentral i Slettvoll-suksessen. No er ho blitt styreleiar i L K Hjelle Møbelfabrikk.

10.04.2021

Ei ekstraordinær generalforsamling i L K Hjelle har nettopp vald Kristine Landmark inn som styreleiar, eit verv ho tok med stor glede og utan nøling.

- Det er viktig at vi utviklar norsk møbel og særleg den designorienterte delen, seier Landmark.

Det er der sjansen for suksess er, meiner ho.

Kraftig vekst
Saman med eigar Torill Slettvoll var Kristine Landmark sentral i å vidareutvikle Slettvoll-konsernet, med fabrikk på Stranda og butikkar i Noreg, Sverige og Danmark.

Vi må ha fleire kundar eller få dei til å kjøpe meir
Kristine Landmark

Satsinga på eigne butikkar gjorde selskapet uavhengig av dei store butikkjedene og sikra samstundes arbeidsplassane på Stranda.

Ho byrja som Slettvoll-sjef sommaren 2012. Det året hadde konsernet 159 millionar kroner i driftsinntekter. I 2019, året ho pensjonerte seg, var driftsinntektene over 280 millionar kroner for tredje år på rad.

Store endringar
For L K Hjelle Møbelfabrikk er det korkje vekst eller lønsemd som har vore kjenneteiknet fram til nyleg, trass i posisjonen selskapet har som leverandør av anerkjente designmøblar. Driftsinntektene var 35,5 millionar kroner i 2019. I 2011 var driftsinntektene 32,3 millionar kroner - omrekna til 2019-kroner.

I åra 2017-2019 var det samla underskotet 12, 2 millionar kroner.

Store endringar er gjort for å kome ut av stagnasjon og millionunderskot.

Tidlegare dagleg leiar og største aksjonær, Dag Hjelle, fekk inn nye investorar og gjekk sjølv over til å arbeide med produktutvikling.

Jens Peter Brunstad kom inn som ny dagleg leiar i fjor, og no er altså Kristine Landmark på plass som styreleiar.

No er også selskapet godt rusta økonomisk.

- I og med at Hjelle no har fått inn ny kapital og hadde eit godt 2020 så er det ei god plattform for vekst og utvikling, seier Landmark.

Sluttkundeprodukt
Før ho kom til Slettvoll arbeidde Landmark i Stokke-konsernet. Ho fortel at det er noko eige med å arbeide med bedrifter som vender seg direkte til forbrukarane.

- Eg har alltid vore mest interessert i sluttkundeprodukt, seier ho.

Førebels er ho varsam med å svare på kva veg ho meiner L K Hjelle skal ta ta, men peikar på at det er ein ulikskap mellom målgruppa til Slettvoll og L K Hjelle. Der Slettvoll har mange kundar som kjøper eit heilt møblement og innreier heile rom eller bygg, har L K Hjelle kundar som i større grad kjøper eitt møbel.

- Vi må ha fleire kundar eller få dei til å kjøpe meir, seier Landmark.

Tunge styreverv
I tillegg til L K Hjelle har Landmark sju styreverv; i trappeprodusenten Hagen i Stryn, i kontorstolprodusenten Flokk, klesprodusenten Devold of Norway, i Mostein Eiendom Holding og industriselskapet Entec. I tillegg sit ho i styret i dei børsnoterte selskapa Hexagon Composites (nestleiar) og Arendal Fossekompani.

Tidlegare ha óg site i hovudstyret i Noregs Bank.

Landmark er også industriell rådgivar for tre svenske investeringsfond, Ratos, Triton og Adelis. Ratos er mellom anna stor aksjonær i oljeserviceselskapet Aibel og Triton eig Flokk og Glamox.

Publisert: 10.04.2021 06:00

Sist oppdatert: 27.04.2021 08:42

Mer om